Stein Kristiansen ved klimaavdelinga til Meteorologisk institutt seier det har vore lite nedbør spesielt i dei indre strøka av Sogn og Fjordane.
- Dei fleste stadane har vi hatt rundt halvparten av det som er normalt, medan det ytst i Sogn har det vore omtrent som normalt, seier han.
Variasjonar
Og det er store variasjonar frå år til år kor mykje nedbør som kjem.
- I 2001 var det lite nedbør, men i fjor var det veldig mykje nedbør. Så dette varierer naturleg frå år til år, alt avhengig av kvar lågtrykka finn vegen. I år har dei først gått lengre sør og så lengre nord mot Barentshavet, seier Kristiansen.
Høgtrykk i Sibir
Viktigaste grunnen til fråvere av lågtrykka er eit kraftig høgtrykk i Sibir som har tvinga lågtrykka bort frå våre område.
Men ytst i Sogn har det altså regna som normalt. På Takle har dei hatt 324 mm, og det er 98 prosent av det som er normalt.
- I fjor hadde dei over 700 millimeter, så det viser kor store variasjonar det er, meteorologen.
Men uansett kjem vi ikkje utanom at det er mykje nedbør på Vestlandet. Områda ytst i Sognefjorden er nokre av dei mest nedbørsrike områda i landet.
Mildt
- Men det har vore mildt i januar. På fjellet har det vore opp mot tre grader varmare enn det som er normalt, seier Kristiansen.