Melder politiet til Spesialeininga etter narkoaksjon på skule

Elevorganisasjonen har meld Vest politidistrikt til Spesialeininga for politisaker etter narkoaksjonen på Flora vidaregåande skule.

Narkohunden Odin

I AKSJON: Politihunden Odin markerte på elevskap under aksjonen på Flora vidaregåande skule tidlegare i november.

Foto: Marita Aarekol / Bergens Tidende

Det er Firdaposten som fortel onsdag ettermiddag at Spesialeininga no får denne heite poteta i fanget. Det har vekt stor nasjonal merksemd at politiet hadde med meir enn ti politifolk og narkotikahundar på det som skulle vere eit informasjonsmøte for elevane.

I byrjinga av november skulle politiet informere elevane på Flora vidaregåande skule om konsekvensar av narkotikabruk.

Men under møtet markerte narkotikahunden på to av elevane. Politiet tok ungdommane med til politistasjonen.

Fekk råd av juristar

– Vi reagerer på måten dette politibesøket blei utført på. Dei skulle ha eit informasjonsmøte, men hadde fått tildelt eit eige klasserom dersom dei skulle hente inn elevar. Vi meiner det er eit grovt brot på reglane på at det ikkje skal vere lov med umelde narkorazziaar i skulen.

Det seier leiar for Elevorganisasjonen, Agathe Waage, til NRK.

Ho fortel at dei har henta inn informasjon frå juristar som har tilrådd dei å melde politidistriktet etter aksjonen.

I etterkant har det gått føre seg ein stor debatt om politiet har lov å bruke narkotikahund på skular når det ikkje er direkte mistanke mot enkeltelevar.

– Grovt overtramp

Ein av dei som har reagert sterkast er jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen, meiner aksjonen er ulovleg.

– Dette overtrampet er så grovt at det bør få tenestemessige konsekvensar for dei politifolka som var med på operasjonen, sa han til NRK tidlegare i november.

No har altså Elevorganisasjonen bestemt seg for å ta saka vidare og melder no Vest politidistrikt til Spesialeininga som jobbar med saker der politiet er involvert.

– Det må eg ta til etterretning. Det står dei heilt fritt til å gjere. Eg meiner at det vi gjorde er innanfor regelverket. No ventar vi i spenning på om Spesialeininga startar etterforsking og så må vi sjå kva som eventuelt kjem ut av ei etterforsking, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.