Meiner politiet braut lova under narkoaksjon mot skule

FØRDE/PORSGRUNN/OSLO (NRK): Politiet skulle berre informere om narkotikabruk, men enda med å arrestere to elevar. No meiner juristar det kan få strafferettslige konsekvensar for politiet.

Narkohunden Odin

FANN SPOR: Narkotikahunden Odin var med på aksjonen, og markerte på to elevar. NRK presiserer at hunden ikkje fann noko i dette skapet.

Foto: Marita Aarekol / Bergens Tidende

Då politiet skulle informere elevane på Flora vidaregåande skule om konsekvensar av narkotikabruk, markerte narkotikahunden på to av elevane. Politiet tok ungdommane med til politistasjonen, og har no oppretta sak mot dei to.

Jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen, meiner aksjonen er ulovleg.

– Dette overtrampet er så grovt at det bør få tenestemessige konsekvensar for dei politifolka som var med på operasjonen, seier han.

Marthinussen seier det ikkje er mogleg for politiet å gjennomføre slike hundeaksjonar på norske skular.

– Dei har ikkje anledning til å søke på elevar med hund på skulen. Så enkelt er det berre. Hundeaksjonane har vore kontroversielle lenge. Elevane har i utgangspunktet ikkje eit anna val enn å vera på skulen, seier han.

Det var Bergens Tidende som først omtalte aksjonen ved skulen.

Hans Fredrik Marthinussen

OVERTRAMP: Jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen seier dette bør få tenestemessige konsekvensar for politiet

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

Lova å slutte med skulebesøk

I 2013 trua Elevorganisasjonen med å gå til søksmål for å stoppe politibesøk med narkotikahundar. Den gongen lova Justisdepartementet at slike aksjonar skulle ta slutt.

– Dette er i strid med dei føringane Justisdepartementet har gitt, seier Marthinussen.

Kvifor vart det bestemt at dette ikkje er lov?

– Det handlar om heilt enkle personvernomsyn. Det skal litt til før ein kan gripe inn, snuse på folk med hundar og ransake dei ein plass dei må opphalde seg. Her har politiet gått langt utover føringane som ligg der med omsyn til elevane sitt personvern, seier han.

Avklart med fylkeskommunen

Dei 14 politibetjentane som besøkte Flora vgs. skulle demonstrere søk med to narkotikahundar. Skulen og politiet er uroa etter at ei mindreårig jente vart teken med fleire hundre brukardosar MDMA i slutten av oktober, som Firdaposten først skreiv om.

Hensikta med skulebesøket var å informere elevane om kva konsekvensar narkotikalovbrot kan få for framtida.

– Dette var klarert med rektor og fylkesdirektøren, og dei såg det som ukomplisert. Difor valde vi å gjere dette. Vår hensikt er å førebyggje og vere tilgjengelege for ungdomane, seier tenestestadleiar i politiet i Florø, Wenke Hope.

– Søket skulle ikkje vere personretta, men gjerast berre i offentleg rom. Det var for å sikre at ikkje skulen blir brukt som oppbevaringsplass for narkotika.

Men kvifor var de så mange som 14 politifolk?

– Det var for å rekke over alle dei 500 elevane på ein dag og sikre at alle fekk same informasjon, seier ho.

Wenke Hope

DIALOG: Wenke Hope seier politiet ønsker kontakt med ungdommane for å førebygge narkotikabruk.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Kan ikkje avtale seg vekk frå lova

Jon Wessel-Aas var elevorganisasjonen sin advokat i saka frå 2013. Då hadde politiet brukt narkotikahund direkte på elevar i klasserom, medan dei i Flora berre søkte i fellesareala på skulen. Wessel-Aas meiner likevel det som skjedde er problematisk.

– Viss hunden har søkt på enkeltpersonar og ikkje berre på til dømes skap, er det strenge regler som skal ligge til grunn. Å bruke narkotikahund på personar eller på sekkane deira blir rekna som personransaking, og det har dei ikkje hatt løyve til her.

– Politiet seier dei hadde ein avtale med skulen og fylkeskommunen. er ikkje det godt nok?

– Politiet eller fylkeskommunen kan ikkje avtale seg vekk frå grunnlova eller straffelova, men eg seier ikkje at politiet ikkje har høve til å bevege seg på skulen sitt område med narkotikahundar. Det er måten dei gjer det på som blir feil.

Jon Wessel-Aas

GRÅSONE: Jon Wessel-Aas var advokat for elevorganisasjonen i ei liknande sak frå 2013. Han meiner politiet opererer i ei gråsone.

Foto: NRK

Vil i verste fall truge med nytt søksmål

Leiarea i Elevorganisasjonen reagerte med sinne då ho høyrte om aksjonen i Flora.

– Politiet trakkar på elevane sine rettigheiter og mistenker elevane utan skjelling grunn. Dette er ikkje greitt, seier leiar Agathe Waage.

– Skal ikkje politiet ta tak i narkotikaproblem i skulen?

– Sjølvsagt skal dei det, men dei skal ikkje bryte lova. Vi ser at politiet ikkje følgjer lova med narkorazzia i skulen, og eg reagerer utruleg kraftig på at dei fortset med denne praksisen.

– Vi kjem til å følgje dette opp, og i verste fall må vi truge med eit nytt søksmål, seier Waage.

Agathe Waage

PROVOSERT: Leiar i elevorganisasjonen, Agathe Waage, meiner elevane er på skulen for å lære, og ikkje for å bli ransaka av politiet.

Foto: Nils Fridtjof SKumsvoll / NRK