Hopp til innhold

Meiner straffa må avspegle at dette spreier frykt

FØRDE (NRK): – Saker som dette spreier frykt, seier politiadvokaten. Ho meiner mannen som er tiltala for 12 bustadinnbrot må ha streng straff.

Saker som dette sprer frykt, prosederte politiadvokaten da mannen som er tiltala for 12 innbrudd i p

Saker som dette spreier frykt, seier politiadvokaten. Ho meiner mannen som er tiltala for 12 innbrot i privatbustader derfor må ha høgare straff.

Foto: PRIVAT

– Innbrot i privatbustader medfører ein krenking for dei som bur der. Og det påverkar tryggleiken til folk i eigen heim, seier politiadvokat Kristine Bu.

Fredag var siste dag i hovudforhandlinga i Sogn og Fjordane tingrett der ein mann frå Litauen står tiltala for grovt tjuveri av til saman tolv bustader i Hordaland og Sogn og Fjordane. I tillegg er han tiltala for tre forsøk på innbrot.

HEKTISK: I løpet av ni døgn meiner politiet at mannen gjorde fleire innbrot og innbrotsforsøk på Ves

HEKTISK: I løpet av ni døgn meiner politiet at mannen gjorde fleire innbrot og innbrotsforsøk på Vestlandet.

Foto: Skjermdump

Ned i kjellaren

Politiadvokat viste i retten til eksempel på at fleire av dei fornærma i saka var blitt traumatiserte i etterkant. Eit av dei fornærma para hadde valdt å flytte ned i kjellaren for ein periode for å sleppe å gjensynet av det som hadde møtt dei i hovudetasjen.

I sluttprosedyre karakteriserte politiadvokaten tiltalte som «lite truverdig» og la ned påstand om fire års fengsel. Ho viste til ein liknande sak der utgangspunktet for straffeutmålinga var den same. Også der med utryggleik som eit straffeskjerpande element.

Kristine Bu

– Innbrot i privatbustader medfører ein krenking for dei som bur der. Og det påverkar tryggleiken til folk i eigen heim, seier politiadvokat Kristine Bu.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Handla under press

Tiltalte, som er i 20-åra, har sete i varetekt sidan mars. Han erkjenner å ha vore sjåfør under innbrota, men hevdar han handla under press frå to andre. Begge desse har sidan rømt frå landet.

Eit springande punkt i retten var kor vidt tiltalte var for «mobil vinningskriminell» å rekne, noko som har høgare strafferamme.

Nei, meinte forsvarer Kathrine Liland og viste til at klienten hennar har vore bufast i Sogn sidan 2016.

Bruker ikkje punktum

Ho viste også til at tekstmeldingane som var brukt i påtalemakta si bevisførsel ikkje var så eintydige som det påtalemakta la til grunn.

Dels fordi hennar klient nesten ikkje bruker punktum eller anna teiknsetting – noko som gjer meldingane enda meir opne for tolking. Og dels fordi dei ulike tolkarane har vore ueinige seg i mellom:

– Det har vore ulike tolkingar, og det gjer at det er vanskeleg for oss, som ikkje snakkar litauisk, å vite kva som eigentleg står der. Og det er utfordrande.

Ho seier «det er uheldig» at retten ikkje har fått sjanse til å høyre forklaringa til dei to som har forlate landet.

– Spesielt når påtalemakta veljar å tiltale ham for organisert kriminalitet, altså det som tidlegare var mafiaparagrafen, seier ho.

Ikkje så streng

Hennar konklusjon var derfor at «påstanden frå aktor er altfor høy», og at ho «vanskeleg kunne sjå» at retten ville konkludere med ein så høg straff. Ho meiner at dersom retten finn klienten hennar skuldig for postane i tiltalen, så er passande straff to år og seks månader.

Dommen fell i Sogn og Fjordane tingrett 24. oktober.

Politiadvokat Linn Revheim og forsvarer Kathrine Liland.

ALTFOR HØG: Påstanden frå aktor er altfor høg, seier Kathrine Liland (til høgre).

Foto: Elise Farestveit / NRK