Hopp til innhold

Mann sikta for 16 innbrot på Vestlandet

Ein mann i 20-åra blir torsdag framstilt for varetektsfengsling etter innbrotsraidet på Vestlandet siste tida.

Innbrot

RAID: Vestlandet har siste tida hatt fleire innbrot. Politiet pågreip tysdag ein mann i 20-åra, som dei meiner å kunne knyte til innbrota.

Foto: PRIVAT

Mannen vart pågripen tysdag. Politiet vil ikkje kommentere kvar mannen vart pågripen. Mannen nektar for å ha noko med innbrota å gjere.

– Han er sikta for grovt tjuveri frå bustad, i både Sogn og Fjordane og Hordaland, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal.

16 innbrot

Politiet har dei siste vekene jobba iherdig med å klare opp ei lang rekkje innbrot som er gjort mot bustadhus på Vestlandet. Politiet meiner å kunne knyte mannen til 16 innbrot.

Stine Mari Vårdal

PÅGRIPEN: Etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal seier at dei meiner å kunne knyte den sikta til 16 innbrot på Vestlandet.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Vi har i alle fall pågripe og sikta ein person og meiner at vi har ei sak mot han, seier Vårdal, som er sparsommeleg med kommentarar.

Etterforskingsleiaren vil ikkje kommentere kvar mannen vart pågripen. Ho vil heller ikkje kommentere kva tilknyting mannen har til Vestlandet, om dei ventar fleire pågripingar eller om dei har funne tjuvegods.

– Av omsyn til etteforskinga vil eg ikkje kommentere det på noverande tidspunkt, seier ho.

Ber om lukka dører

Politiet pågreip for kort tid sidan også to rumenarar som bur i Sunnfjord . Mennene vart varetektsfengsla i to veker , men vart sleppte fri etter to dagar .

Vårdal stadfestar at mannen som no er sikta, ikkje er ein av desse.

Etterforskingsleiaren vil heller ikkje kommentere kva som knyter den sikta til innbrota. NRK kjenner til at politiet har sikra spor frå fleire åstader.

Fleire av innbrota på Vestlandet har same modus, noko som gjer at politiet har meint at det er samanheng mellom dei .

Påtalemakta vil be om lukka dører under fengslinga torsdag.

Sikta forklarer at han ikkje har noko med tjuveria å gjere, seier mannen sin forsvarer, Lene Knapstad