Hopp til innhold

Timelange køer etter trafikkaos - no krev politikarane fortgang i ny veg

Kaos og kilometerlange køar vart resultatet då ein semitrailer sperra E39 gjennom Førde. No krev politikarane at det straks skjer noko med vegen.

Olve Grotle og Jorunn Eide Kirketeig om trafikkaos i Halbrendlia

VIL HA SLUTT PÅ DETTE: Både Olve Grotle (H) og Jorunn Eide Kirketeig (Ap) meiner trafikkaoset i Haldbrendslia onsdag kveld syner behovet for å få utbetra E39 i området.

Foto: montasje (Gudvangen/Stølen/Rekkedal) / NRK

I fem timar stod spesialtransporten på nær 100 tonn fast i den svingete og bratte Halbrendslia på veg ut av Førde. Både store og mindre køyrety måtte vente, og det var lenge kaotiske tilstandar på den einaste vegen forbi byen i midten av Sogn og Fjordane.

Politikarane i Førde er samde i sitt krav. Dei meiner hendinga endå ein gong syner behovet for å ruste opp vegstrekninga. Den såkalla Førdepakken må realiserast, og det så raskt som mogleg.

– Det som skjedde illustrerer på ein god måte dei problema vi har i Førde, seier Høgre-ordførar Olve Grotle.

Han får støtte frå Ap-politikar Jorunn Eide Kirketeig.

– Denne delen av E39 må utbetrast. Det finst nemleg ikkje noko alternativ veg når bilar står fast her, seier ho til NRK.no.

Fem timar med trafikktrøbbel

Sjølv om det hadde snøa kraftig i fleire timar og temperaturen var i ferd med å falle, vart det ikkje lagt på kjettingar på den tunge spesialtransporten.

Eit stykke oppe i bakkane på veg opp frå Førde måtte bilen stogge då eit polsk vogntog sperra vegen for dei.

Då var trafikkaoset eit faktum. Ein etter ein måtte større køyrety stogge og køen vaks seg berre lenger og lenger. Først fem timar etter at problema oppstod var ting i ferd med å normalisere seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkaos9

KAOS: Det var lenge kaotiske tilstandar på E39 i Haldbrendslia opp frå Førde. Både store og mindre køyrety måtte stå lenge i kø.

Foto: Ole André Rekkedal

Vil ha Førdepakken inn i NTP

Det er på ingen måte første gong det dannar seg lange køar på europavegen gjennom Førde. Fleire gonger tidlegare har bilar som har fått problem ført til lange køar.

Politikarane har i årevis drøymt om ein smidigare E39 gjennom kommunen, men lite har skjedd med den såkalla Førdepakken. I neste veke kjem Statens vegvesen si innstilling til Nasjonal Transportplan (NTP) for åra 2014 til 2023.

Der må Førdepakken vere på plass, meiner fylkespolitikar og tidlegare gruppeleiar i Førde Arbeidarparti, Jorunn Eide Kirketeig.

– Dette er noko som må prioriterast inn i Nasjonal Transportplan. Det må til skal vi sikre oss at E39 ikkje er ein flaskehals for folk som skal vidare til heile fylket vårt, seier Eide Kirketeig.

Ho meiner det ikkje er noko alternativ at det heller ikkje i neste periode skal skje noko.

– Dersom det skjer vil vi stå att med eit vegstykke som ikkje stettar det som er dagens behov. Det er den mest trafikkerte strekninga på E39 vi snakkar om, argumenterer Ap-politikaren.

Jobbar for utbetring

Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde er heilt einig i at Førdepakken må på plass. Han meiner også at Førdepakken må inn i Nasjonal Transportplan, og arbeider for at dette kan skje når Stortinget vedtek NTP våren 2013.

– Det som er viktig for oss er at vi har sett i gong eit arbeid med Førdepakken og vi har fullt trykk på dette. Men eg meiner vi skal klare å kome i mål sjølv om vi ikkje blir nemnt i framlegget til NTP i neste veke, seier Grotle.

– Korleis skal du få realisert Førdepakken dersom den ikkje står nemnt i Statens vegvesen sitt forslag til NTP?

– Vi har planar om å kunne realisere dette gjennom brukarfinansiering, altså bompengar, seier Grotle og legg til:

– Vi må jobbe framover mot neste vår, då Stortinget skal endeleg vedta NTP, seier ordføraren som seier det er viktig at pakken blir teke inn i Nasjonal Transportplan.

Uansett ikkje siste gong...

Statens vegvesen har gått inn for å leggje E39 forbi Førde sentrum i tunnel. Dette er fordi det er mykje bratt og vanskeleg terreng rundt Førde. Dei jobbar no vidare med fleire moglege alternativ.

Planlegging, finansiering og bygging gjer at det truleg vil ta opp mot ti år før tunnelen er klar.

Uavhengig av bompengar og Nasjonal Transportplan vil det altså gå lenge før bilistar som skal forbi Førde slepp unna Halbrendslia. Det vil seie at det truleg ikkje er siste gong at billar sperrar hovudfartsvegen gjennom fylket her.