Hopp til innhold

Det blir tunnel forbi Førde

Statens vegvesen går inn for å leggje E39 forbi Førde sentrum i tunnel. I ein rapport har dei vurdert kva som er dei realistiske alternativa for å få trafikken ut av Førde sentrum.

Kart over tunnelalternativ forbi Førde

FORSLAGA: Statens vegvesen har laga der ein rapport der det er vurdert kva som er dei realistiske alternativa for å få trafikken ut av Førde sentrum.

Foto: Statens vegvesen

Planleggingsleiar Ingar Hals i Vegvesenet seier tunnel er einaste løysinga.

– Det vi ser i Førde er at det er bratt og det er mykje vanskeleg terreng. Dermed blir det mange tunnelar, for vi har ikkje funne linjer utan rasfare og som gir gode løysingar for trafikken, seier han.

Etter kvart som Førde by har blitt større, har det skapt store problem å ha hovudvegen nord sør på Vestlandet gåande tvers gjennom sentrum. Ein har lenge arbeidd med å få trafikken på E39 lagt utanom sentrum og Statens vegvesen har no funne ut at tunnel er einaste alternativ.

– Dei fleste tunnelalternativa har innslag ved Langelandsvatet sør for Førde og vil kome ut nord for sentrum mellom Hafstad og Sunde.

Ønskjer at bilistane skal sjå Førde

Førde

ØNSKJER GLIMT AV FØRDE: Førde Industri- og Næringssamskipnad ønskjer at bilistane skal sjå Førde når dei køyrer på E39.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

Førde er den største byen i Sogn og Fjordane og fleire har vore kritiske til at folk i framtida berre kan køyre rett forbi. Ein av dei er Trond Valaker som er formann i Førde Industri- og Næringssamskipnad.

– Vi er inneforstått med at det skal bli tunnel, men det vi frontar at er bilistane skal sjå Førde by må dei passerer Førde, seier han.

Vegvesenet jobbar også vidare med eit alternativ der tunnelen har innslag i Halbrendslia, slik at folk vil få eit lite glimt av Førde. Valakar håpar dette blir resultatet.

– Det er viktig for Førde sin del og også viktig for fylket, at når ein køyrer frå Bergen til Ålesund, så ser ein at det er ein tettstad her.

– Er det berre pengar Førde taper dersom vegen blir lagt utanfor?

– Nei, det er ikkje berre det. Det er viktig å vise fram tettstadene vi har og at det blomstrar også her.

Meir spennande med natur

Også Hals i Vegvesenet seier det er ulemper med tunnel.

– Tunnelar er dyrt å byggje og det er dyrt å drive. Det er heller ikkje det mest interessante å køyre i. Då er det meir spennande å sjå på Vestlandsnaturen, seier Hals.

Rapporten frå Statens vegvesen er no sendt til planutvala i Førde og Gaular for politisk handsaming. Planlegging, finansiering og bygging gjer at det truleg vil ta opp mot ti år før tunnelen er klar.