Hopp til innhold

Semitrailer har laga trafikkaos på E39 i Halbrendslia

Ein spesialtransport som ikkje var skodd for føret fekk problem på E39 i Halbrendslia. Det førte til reine trafikkaoset i svingane opp frå Førde.

– Det var ein spesialtransport som hadde fått problem på veg oppover. For å komme seg laus, måtte han leggje på kjettingar. Men det førte til at andre store køyretøy også fekk problem, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Hans Petter Harlem.

I 22.30-tida opplyser politiet at ein har fått i gang att mykje av trafikken.

Det går kolonner opp og ned med bilar, og bilberging har fått av gårde dei av vogntoga som har trengt hjelp. Vi satsar på å få vekk all trafikk først, før vi tek fatt på spesialtransporten, opplyser Harlem.

Klarar ikkje få vogntoget opp

Det syner seg nemleg at dette vogntoget er så tungt at det ikkje let seg gjere å få han i gang att, sjølv med bergingsbil.

– Ein vil difor prøve å rygge spesialtransporten ned att til det vert flatt nok til at han kjem i gang att, seier Harlem.

Han trur ikkje dette vil føre til stenging av E39.

– Ein tek sikte på å snegle seg nedover, utan at det skal vere til for stort hinder for trafikken elles, seier Harlem.

Det nederlandske vogntoget har med norsk følgjebil.

Vogntog som skal oppover Halbrendslia vert stogga i Førde sentrum.

– Dei blir dirigerte inn på sidevegar og vi ber sjåførane om å ta ein pause til alt dette har roa seg. No herskar det fullstendig kaos, seier Harlem.

Er glatt i vegbana

Det har snødd dei siste timane i Førde, og temperaturen har sokke slik at det har frose på i vegbana.

– Det er glatt på staden. Det blir ekstra ille for store køyretøy når dei må stoppe opp. Då må dei ha kjettingar på for å komme laus att, seier Harlem.

Bilbergingsbil er på staden i 21.40-tida for å hjelpe til, men det er venta at det kjem til å ta iallfall ein time før ting er tilbake til normalen.

– Vi håpar vi har kontroll då, men det er ein krevjande situasjon, seier Harlem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fullt kaos

DENNE STÅR FAST: Spesialtransporten kjem ikkje av flekken.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Dirigerer forbi personbilane

Det skal vere passasje for personbilar, og det er tre polititenestemenn på staden for å dirigere trafikken.

– Men dette tek tid, og det er berre passasje i ei vegbane. Det er viktig at bilistane tek det med ro og køyrer forsiktig, seier Harlem.

Han ber folk som skal ut å køyre om å ta det med ro.

– Det er krevjande køyreforhold og er ein ikkje godt nok skodd, så blir det problem. Sko deg etter tilhøva, seier Harlem.

Heldt flyet til flybussen kom

Fleire som stod i køen i Halbrendslia var på veg til Førde lufthamn Bringeland for å ta flyet som skulle gått 20.49 til Oslo lufthamn Gardermoen.

– Vi fekk lov til å halde flyet til flybussen kom, dermed fekk vi med dei som skulle med. Flyet tok til slutt av klokka 21.15, seier flyekspeditør hjå Widerøe på Førde lufthamn Bringeland, Arve Svalheim.

Han presiserer at dette ikkje er slikt som let seg gjere kvar gong det er noko som skjer seg.

– Denne gongen fekk vi det til, seier Svalheim.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.