Hopp til innhold

Kaos på E39 i Førde - følgjebilsjåfør seier dei burde vurdert annleis

Sjåføren av følgjebilen tek sjølvkritikk etter trafikkaoset i Halbrendslia i går kveld.

Stian Ellila

BURDE SJEKKA: Stian Ellila i Møre Møre Transport & Spedisjon AS at dei burde vurdert situasjonen annleis.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Eit vogntog på 95 tonn stod bom fast i fem timar i går kveld og skapte kilometer lange køar. Stian Ellila, som køyrde den eine følgjebilen, seier dei burde ha sjekka føret før dei let traileren køyre opp.

– Vi kunne kanskje unngått trafikkaos viss vi hadde sjekka forholda før vi køyrde opp Haldbrendslia i går, seier han.

Det snøa kraftig og temperaturen sokk slik at det fraus i vegbana. Stian Ellila i Møre Transport & Spedisjon AS var leigd inn for å følgje med på heile turen, saman med følgjebilen frå Statens vegvesen. Då dei kom til Førde, tok dei i lag ei vurdering

– Vi såg det ikkje som naudsynt å leggje på kjetting. Men skulle eg gjort noko annleis, så hadde eg nok sjekka føret oppover lia. Men det er lett å vere etterpåklok, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Trafikkaos på E39

SJÅ VIDEO: Trafikkaos på E39 i Halbrendslia onsdag kveld.

Måtte vente på bilberging

Då dei kom opp i Halbrendslia stod det eit polsk vogntog som hadde fått stopp og dermed måtte leggje på kjetting.

– Då fekk vi også ein stopp. Dermed måtte vi også leggje på på kjetting, seier han.

Ifølgje Ellila kunne dei klare å komme i gang på eiga hand, men vegvesenet meinte dei skulle vente på bilberging som kunne dra dei i gang.

– Då blei det kaos, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikk nedover

TRAFIKKAOS: Slik såg det ut i Halbrendslia onsdag kveld.

Foto: Ole André Rekkedal

Stri tørn

Det var passasje i eine vegbana for personbilar, og tre polititenestemenn var på staden for å dirigere trafikken. Først i 23:30-tida var det meste av trafikken i gang igjen.

Bilbergingsbilen var på staden i 21.40-tida for å hjelpe til. Før dei kom så langt, måtte to andre vogntog få hjelp i bakkane. Arild Tistel ved Førde bilberging hadde ei stri tørn.

– Vi hadde problem med å komme oss opp til den hollandske tunglastaren, for først måtte vi flytte to andre vogntog. Det eine stod i vegen, det andre hadde køyrt utfor.

Arild Tistel ved Førde Bilberging

TRAVEL KVELD: Arild Tistel ved Førde Bilberging stiller seg undrande til at slike spesiallaster får køyre når føret er dårleg.

Foto: Simon Solheim / NRK

Då dei var framme ved semitraileren, blei det bestemt at den skulle stå til det verste trafikkaoset hadde roa seg.

– Sjåføren hadde lagt på kjetting, og kom seg til slutt av garde etter at vi hadde grusa godt under.

Forundra

Men det er mange og krappe svingar oppover lia mot Langeland, så bilbergingselskapet hjelpe til oppover mot Kårstad Transport der semitraileren no står.

– Problemet er at den er så lang og det er vanskeleg å svinge når dei blir så krappe. Vi rydda litt ekstra i svingane og hadde på strøsand.

No stiller han seg undrande til ein så stor spesialtransport køyrde på eit slikt føre.

– Kva gjorde ein spesialtransport på dette føret? Sjåføren er utanlandske og kjenner ikkje vegen eller føret. Eg meiner følgjebilane burde teke førehandsreglar, men det er lett å vere etterpåklok, seier han.

Dobbelt så stor

For det var ein lang og tung doning som skulle på lia. Totalvekta på tunglastaren var på 95 tonn. Det er det dobbelt av eit vanleg vogntog. Lasta var på veg frå Ålesund til Bergen.

Stian Ellila i Møre Møre Transport & Spedisjon seier den har ni akslingar på tralla, der seks er svingbare.

– Det er ein tungtrekkar, og det er ikkje plass til kjetting på tralla. Det er berre på trekkvogna og vi la på fire kjettingar på drivhjula.

Han seier den utanlandske sjåføren var ukjend på norske vegar, medan han sjølv køyrer strekninga fleire gongar i veka.

– Eg køyrer jo ofte her, så eg er jo kjend.

– Var det forsvarleg å leggje ut med ein spesialtransport på eit slikt føre?

– Eg vil ikkje seie det var uforsvarleg, men føret var veldig skiftande. Vi hadde også ein båt i Bergen vi skulle rekke.

– Men hadde sjåføren lagt på kjetting, hadde det vore lettare å komme i gang då etter de måtte stoppe?

– Ja, det hadde det. Når det snøar så mykje som det gjer, og det frys på bakken og byrjar å skrape, så blir det glatt.

No står semitraileren ved Kårstad Transport og skal av garde mot Bergen i ettermiddag. Båtturen til Nederland er utsett til laurdag.

Måtte garantere for bota

Føraren fekk ei bot på 15000 kroner og Ellila måtte leggje inn garanti for bota.

– Bilen fekk køyreforbod og politiet ville ta pass og førarkort frå sjåføren. Eg måtte leggje ut for bota slik at han kunne køyre vidare. Eg reagerer på at berre denne sjåføren fekk bot og ikkje han som gjorde til at vi måtte stoppe.

– Får firmaet ditt eller vegvesenet ein reaksjon etter dette?

– Nei, det gjer vi ikkje. Vi gjorde det vi kunne og stod der oppe nesten i sju timar.

Mange sinte folk

På den tida fekk han mange reaksjonar frå folk som stod i køen.

– Det var mange sinte og sure folk. Nokre hadde ungar i bilane. Men eg sa at det hjelpte ikkje, dei kom seg ikkje fram uansett. Mange var rasande og sa alt mogleg rart.

– Er det ein transport som eigentleg ikkje eignar seg for vestlandsvegar?

– Ja, det kan du seie. Men det skal jo gå. Andre klarer det, så då burde denne sjåføren klare det også.

Vegvesenet må følgje med

Når det blir gitt løyve til å køyre slike tunge og lange laster, må det også vere med følgjebil frå Statens vegvesen.

– Dei er med for hjelpe tungtransporten over bruer slik at dei kan køyre sentrisk og stengje tunnelar for andre køyrety dersom det er naudsynt. Eg skal varsle bak at det er er spesiallast framfor.

Vanlegvis skulle følgjebilen frå Statens vegvesen i Førde vere med på strekninga gjennom fylket. Men på grunn av eit anna oppdrag, var det følgjebilen frå vegvesenet frå Ålesund som også var med på strekninga her.

– Sjåføren sitt ansvar

Avdelingsingeniør Ole Lied i Statens vegvesen region Midt, seier på generell basis at det er sjåføren av vogntoga som har ansvar for å vurdere korleis føret er og vere rett skodd.

– Det er ei vurdering som den enkelte sjåfør må ta, seier han.

– Har ikkje også vegvesenet eit ansvar når de er med som følgjebil?

– Det er ei fortløpande vurdering og vi skal vere med å vurdere om dei er skikka til å køyre på vegen. Men det er sjåførane sjølv som har ansvaret.

Trafikkaos14

LANG KØ: Det var mange kilometer med kø i Førde.

Foto: Ole André Rekkedal