Hopp til innhold

Meiner Helse Førde ikkje ga forsvarleg helsehjelp

Fylkeslegen meiner ein pasient innlagt ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde ikkje fekk forsvarleg hjelp. Pasienten tok livet sitt kort tid etter utskriving.

Per Stensland

KRITIKK: Fylkeslege Per Stensland meiner Helse Førde må sjå nærare på rutinane sine etter at dei to gonger på kort tid ikkje har ytt forsvarleg helsehjelp til pasientar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi meiner utskrivinga var fagleg uforsvarleg. Pasienten var framleis svært sjuk ved utskriving, seier fylkeslege Per Stensland.

Dei har vurdert behandlinga som pasienten fekk, og meiner at behandlinga på fleire punkt ikkje var i tråd med god praksis. Samarbeidet med kommunehelsetenesta var ikkje tilfredsstillande, og heller ikkje pasienten sin eigen medverknad i behandlinga var god nok. Pasienten tok livet sitt kort tid etter at han vart utskriven frå døgnbehandling.

– Vurderingane totalt sett var ikkje fagleg forsvarlege. Dette er alvorleg, seier Stensland.

Skal sjå om det er forbetringspotensial

– Dette er ei lei sak, og vi har vondt av familien som måtte gjennomgå dette, seier konstituert klinikkdirektør ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde, Svein Ove Alisøy.

Han vil ikkje gå i detalj om saka, men seier dei vurderte risikoen for sjølvmord før pasienten vart skriven ut. Personalet som vurderte pasienten hadde også opplæringa og kvalifikasjonane som er påkravde.

Svein Ove Alisøy i Helse Førde

HAR RUTINAR: Tilsette ved psykiatrisk avdeling vurderte faren for sjølvmord då pasienten vart skriven ut, og dei var kvalifiserte til å gjere det, seier konstituert klinikkdirektør Svein Ove Alisøy.

Foto: Eva Marie Felde

– Vi har gått gjennom saka på avdelinga for å ta lærdom. Det er dessverre ikkje mogleg å førebygge alle sjølvmord. Det vart gjort ei vurdering, og vi har ingen garanti for at det ikkje kan skje, seier Alisøy.

Meiner Helse Førde de har gjort ein feil?

– Vi tek det fylkeslegen seier til etterretning. Vi har gått grundig gjennom saka på avdelinga for å ta lærdom av den, og for å sjå om det er forbetringspotensial. Det vil det alltid vere.

Andre saka på kort tid

Fylkeslegen seier dei vil gå i dialog med helseføretaket for å hindre liknande svikt i framtida. Samstundes er det andre gong på kort tid at Helse Førde får refs frå Fylkeslegen i ei sak som gjeld forsvarleg helsehjelp i psykiatrien.

– Det gjer saka berre meir alvorleg. Det understrekar behovet for ein gjennomgang av rutinane, seier Stensland.

Alisøy er klar på at dei følgjer dei nasjonale retningslinjene, og har rutinane på plass.

– Slike saker skjer sporadisk. Det kan vere tilfeldig at det skjer tett på kvarandre, seier han.