Hopp til innhold

Sat fastklemd etter kollisjon mellom mobilkran og vogntog

Føraren av ei mobilkran sat ein periode fastklemd etter ei trafikkulukke like nord for Skei på E39 i Jølster. Trafikken vil bli dirigert forbi ulukkesstaden fram til i morgon tidleg.

Mobilkran og hengar på vogntog i kollisjon på E39 i Jølster

KOLLISJON: Føraren av mobilkrana vart sitjande fastklemd etter ein samanstøyt med fronten på ein møtande vogntoghengar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Føraren, ein mann, er ikkje lenger fastklemd. Brannvesenet har fått han ut. Han sat fastklemd med ein fot, sa operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt klokka 19.50.

Helse Førde opplyste klokka 19.55 at ein person er send til Førde sentralsjukehus. Den andre er sjekka av helsepersonell på staden.

Politiet fekk melding om ei trafikkulukke på Håheim i Jølster klokka 19.08 tysdag kveld. Alle naudetatane vart sende til staden. Håheim ligg vel to kilometer nordaust for Skei, i retning Våtedalen.

Dirigerer trafikken forbi i natt

Klokka 21.45 opplyser politiet at dei har byrja å dirigere trafikken forbi ulukkesstaden. Vegen har vore heilt stengd i nesten tre timar.

Klokka 22.10 seier politiet at mobilkrana vil bli ståande på staden i heile natt. Bilbergar hadde ikkje utstyr til å få fjerna den i kveld.

– E39 blir open på staden i eitt felt fram til mobilkrana er fjerna. I første omgang blir det manuell dirigering, og så håpar vi å få på plass lysregulering etter kvart, får NRK opplyst ved operasjonssentralen.

Snødde tett

Det har vore ein samanstøyt mellom ei mobilkran og hengaren på eit møtande vogntog. Føraren av kranbilen vart sitjande fastklemd. Politiet hadde like før klokka 20 ikkje opplysningar om skadeomfanget, men seier mannen heile tida har vore bevisst.

– Føraren av vogntoget har vi ikkje opplysningar om at skal vere skadd, seier Geitle.

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i firmaet der den skadde mannen jobbar. Dagleg leiar seier sjåføren deira er sendt til sjukehus, og at dei har fått opplyst at han har eit brot i ein fot.

Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert i hendinga. Politiet har fått opplysningar om at det er snøføre på staden.

Politibetjent Torbjørn Thue ved Førde lensmannskontor er skadestadsleiar for politiet.

Thue seier til NRK at det snødde tett på staden då ulukka skjedde. Dei kan førebels ikkje seie noko om hendingsgangen. Han stadfestar at fronten på hengaren på vogntoget har treft hytta på kranbilen. Dei etterforskar saka vidare.

Kranbil og vogntog krasja ved Håheim i Jølster på E39

TIL SJUKEHUS: Føraren av mobilkrana vart send til sjukehus, medan føraren av vogntoget vart sett til av helsepersonell på staden før han blei dimittert.

Foto: Eli Håheim

E39 var heilt stengd ein lengre periode

NRK har snakka med folk som står i kø på staden. Dei fortel at det snør i området. Det har danna seg køar på begge sider. Vegen er heilt stengd på staden.

– Det er fare for at vegen blir stengd ei stund, seier Geitle i politiet. Bilbergingsbil er på veg.

Klokka 20.40 seier operasjonsleiaren at det blir jobba med å få dirigert vekk bilane som står i kø på staden, slik at bergingsbilen får komme til for å få fjerna køyretøya.

Ulukka skal ha skjedd i området like ved krysset ved nedkøyringa til Førde i Jølster. Vegen der samanstøyten har skjedd er smal, får NRK opplyst av folk som er lokalkjende.

Køar på Håheim i Jølster etter ulukke på E39

KØ: Det har danna seg kø på begge sider av ulukka. Ingen av bilane på biletet er involvert i sjølve ulukka.

Foto: NRK-tipsar
Håheim i Jølster