Det er berre ti år sidan dei første turistane seila inn til norskekysten på vintercruise, men no kjem turistane i tusental medan det er kaldt og vinterstorm.
Denne vinteren reknar næringa med å få besøk av kring 150 cruiseskip. Blant dei var skipet «Viking Sky», som fekk motorstopp på Hustadvika i helga. Dei 1300 passasjerane var på vintercruise. Tilbake i 2009 var det berre to skip som kom til Noreg i vintersesongen.
Jan-Hugo Holten i Norges Miljøvernforbund kjenner seg ikkje trygg på at ein tilsvarande redningsaksjon vil gå bra neste gong, og uroar seg for den kraftige auken i vintercruise.
– Sesongen blir lengre og går stadig lenger nord. Det finns nesten ikkje grensar for kor skipa skal vere. Det uroar meg.
Vil ha fleire slepebåtar i beredskap
Holten meiner Kystverket, som i dag har fire fartøy i slepeberedskap, ikkje har sytt for ein god nok beredskap av store nok slepebåtar som kan rykke ut.
– Det er definitivt ikkje godt nok i dag. Slepebåtane er for få og for små, slik at dei ikkje klarer å operere i den type vær som vi så i helga.
Holten seier seks slepebåtar av type offshorefartøy er eit minimum, og det som Det Norske Veritas anbefalte tilbake i 2005.
– Heilt sidan Kystverket begynte å sjå på den statlege slepeberedskapen i 2005, har dei ikkje klart å få det på plass.
– Cruisetrafikken er blitt såpass stor, og skipa er i særklasse i høgde, bredde, lengde. Det er ein utopi å tru at cruiseskipa kan berge seg sjølv.
Ser på eigne rutinar
Litt lenger sør for Hustadvika finn vi Stad, også eit frykta havområde. Der har ordføraren i Selje, Stein Robert Osdal, ansvaret for beredskapen. Han delar synet til Holten hos Miljøvernforbundet.
– Vi er nøydd til å ha tilstrekkeleg slepekapasitet, fordi det berre er snakk om ein halv time til ein time før det oppstår ein veldig dramatisk situasjon.
Osdal meiner kommunen er godt budd om skip får problem. Dei vil likevel gå gjennom rutinane sine for sikkerheits skuld.
– Eit forlis er det eg fryktar mest. Det er eit mareritt for oss som lev på kysten, og eit døme på kor utfordrande det er å ha storhavet rett utanfor stovedøra, men vi har i alle fall rutinane i orden.
Kystverket seier til NRK at dei frå 1. januar 2020 vil ha på plass seks Kystvaktfartøy i slepeberedskapen, slik det vart anbefalt i 2005.
– Dagens slepeberedskap er ikkje dimensjonert med tanke på Cruisetrafikk i kystnære farvatn, men fartøya øver også opp mot passasjerskip, seier kommunikasjonsdirektør Solveig Moe Frøland i Kysverket.
- Les også: