Hopp til innhold

Meiner brot på tryggleiksrutinar førte til dødsulukke

Reiarlaget Fjord Shipping meiner brot på tryggleiksrutinar førte til ulukka der to menn omkom på tankskipet «Key Fighter» utanfor Stad tidlegare i september.

Key Fighter

DØDSULUKKE: Tankskipet «Key Fighter» ligg her ved kai i Måløy etter arbeidsulukka som skjedde utanfor Stadlandet.

Foto: Eva Westvik / NRK

I ulukkesrapporten til Sjøfartsdirektoratet skriv reiarlaget at mennene vart funne medvitslause i tanken utan personlege gassmålarar på seg.

– Det ser ut til å vere brot på tryggleiksprosedyrar for måling av atmosfæren i tanken. Det ser og ut til å vere brot på rutinane for personlege gassmålarar. Men den endelege konklusjonen kjem først når styresmaktene har gjort sine undersøkingar, seier advokat Hugo Matre, som representerer reiarlaget.

På veg til England

«Key Fighter» går i hovudsak i trafikk mellom norske hamner med vegetabilske produkt som rapsolje og fiskeolje. Innimellom går skipet også til utanlandske hamner. Då ulukka skjedde var båten på veg frå Noreg til England utan last om bord. Undervegs har det vore utført vedlikehaldsarbeid om bord. Kva som har gjort at dei erfarne sjøfolka ikkje brukte tryggleiksutstyr er uklart.

Hugo P. Matre

BROT PÅ RUTINAR: advokat Hugo Matre representerer reiarlaget Fjord Shipping.

Foto: NRK

– Det veit vi ikkje. Ut ifrå erfaring så har dei nok oppfatta situasjonen som ufarleg av di lasta i utgangspunktet ikkje representerte noko fare, seier Matre.

– Dersom dei sat med oppfatning av at det ikkje var noko fare, korleis kunne det då likevel kome dødelege utslepp av hydrogensulfid i området der dei var?

– Vegetabilske produkt vert brotne ned over tid og dersom dei har kome langt i råtningsprosessen så kan det verte danna gassar som ikkje er der under andre omstende. Det kan vere at dei ikkje har vore merksame nok på kor langt desse prosessane var komne, seier Matre.

Har skjerpa rutinane

I ulukkesrapporten vert det stilt spørsmål ved om reiarlaget har hatt gjennomgang av farar ved skips- eller arbeidsoperasjonar. Der svarar reiarlaget at ein har skrive under på eit arbeidsløyve.

– I korte trekk kan ein seie at eit arbeidsløyve er ein måte for å sikre at ingen går inn i ein tank utan å sjekke at alt er i orden, seier Matre.

Reiarlaget meiner at selskapet har gitt dei tilsette godt nok opplæring i HMS for dei arbeidsoperasjonane som skulle utførast.

– Dette var to erfarne sjømenn, som hadde vore der i høvesvis sju og tre år. Dei hadde vore gjennom desse drillane fleire gonger. Vi tenker at opplæringa i utgangspunktet ser ut til å ha vore god nok, sjølv om det diverre synte seg at det likevel skjedde ei tragisk ulukke, seier Matre.

– Kva tiltak har reiarlaget sette i verk for å unngå liknande hendingar i framtida?

– Det har vore sett nytt fokus på viktigheita av å følge tryggleiksrutinar, og det har også vore ein gjennomgang av rutinane med mannskapet. I tillegg er sjølve rutinane kontrollerte av reiarlaget sine eigne folk, og Veritas er kopla inn for å kvalitetssikre rutinane, seier Matre.