Hopp til innhold

Nede i denne tanken skjedde ulukka som førte til to dødsfall

Lokalt politi har gjort ferdig sine undersøkingar etter dødsulukka på tankskipet «Key Fighter». No sender dei sine funn til Malta.

Inngangsluke til tanken på Key Fighter

TANKEN: Dette er inngangsluka til tanken der dei to om bord i «Key Fighter» døydde i helga.

Foto: Vest politidistrikt

– Politiet si oppgåve er å gjere innleiande undersøkingar som vert sendt vidare til maltesiske myndigheiter. Så er det opp til dei å vurdera om dei vil gå vidare med etterforskinga, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes i Vest Politidistrikt.

To arbeidarar omkom i ei arbeidsulukke på tankskipet «Key Fighter» i helga etter å ha pusta inn den giftige gassen hydrogensulfid i ein tank om bord.

– Ei tragisk ulukke

Politiet sine undersøkingar viser at alt tyder på at det er ei ulukke som ligg bak.

– Det som har skjedd står fram som ei ulukke, men om sikkerheitsrutinar og tiltak har vore tilfredsstillande om bord i båten har vi ikkje grunnlag for å seie noko om på noverande tidspunkt, seier Refsnes.

– Hendinga er djupt tragisk, og alle involverte er naturlegvis skaka. Vi er opptekne av å vareta mannskapet, og jobbar for at ting skal fungere best mogeleg framover, seier Hugo Matre, talsmann for reiarlaget og Fjord Shipping som driv skipet.

Dei arbeider no for at dei pårørande til dei to omkomne skal få kome til Noreg for å ta farvel.

Ikkje teknisk feil

Skipet var på veg frå Noreg til England då ulukka skjedde. Etter at skipet var undersøkt, blei det frigitt og sette kursen vidare mot England laurdag kveld.

Hugo P. Matre

PÅRØRANDE: Frå reiarlaget si side er det fokus på mannskap, pårørande og tryggleik, seier Hugo Matre, talsmann for reiarlaget og Fjord Shipping, som driv skipet.

Foto: NRK

– Politiet meinte dei hadde eit tilstrekkeleg klart bilete av hendingsgangen. Det var også gjort undersøkingar av fartøy og utstyr som tilsa at det ikkje var teknisk svikt, seier Matre.

– Når slikt skjer går ein sjølvsagt gjennom alle rutinar, for sikre både innhald i rutinane og mannskapets oppfølging dette. Det har vore og er framleis full gjennomgang av både fartøy og system.

Følgt opp av Malta

«Key Fighter» er heimehøyrande på Malta. Det er først og fremst flaggstaten som skal følgje opp ulukka, seier kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet Dag Inge Århus.

– Vi har bede om å få ein ulukkesrapport for å forsikre om at flaggstaten følgjer opp. Vi kjem til å få ulukkesrapport frå reiarlaget.

Når alle undersøkingar er gjort, vil reiarlaget kunne tilby mannskapet å reise heim. Vanlegvis er det 13 personar som jobbar om bord på «Key Fighter», då ulukka skjedde var dei 14.

Key Fighter

VED KAI I MÅLØY: Arbeidsulukka i tankskipet «Key Fighter» skjedde utanfor Stadlandet.

Foto: Eva Westvik / NRK

Hindre at skjer igjen

Dag Sverre Liseth i Havarikommisjonen seier dei førebels ikkje veit om ulukka får eventuelle følgjer for skipstrafikken i Noreg.

– Det veit vi ikkje, men hensikta med undersøkinga må vere å bidra til å hindre at slike ting skjer igjen. Når Malta har gjort undersøkingar, kan ein kome med eventuelle tilrådingar dersom ein meiner det er noko viktig å lære som kan gjelde heile skipsfarten, seier han.