Hopp til innhold

Meiner Bremanger bør tvingast inn i storkommune

SKEI (NRK): Frank Willy Djuvik i Flora Framstegsparti er klar på at styresmaktene må bruke tvang dersom det er naudsynt for å Bremanger saman med Vågsøy og Flora.

Frank Willy Djuvik

DEN SOM IKKJE VIL: Gruppeleiar i Flora Frp, Frank Willy Djuvik, er klar på at tvang kan vere løysinga for å få ein framtidsretta storkommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Viss Bremanger, midt mellom Flora og Vågsøy, hindrar ein framtidsretta kommune på kysten, så må Stortinget vere sitt ansvar bevisst og gje klar beskjed om at dette er det beste for kystregionen og at slik blir det, seier Djuvik, som er gruppeleiar for Flora Framstegsparti.

Torsdag vedtok kommunestyret i Bremanger med 14 mot ni røyster å droppe alle planar om forhandlingar med nabokommunane på kvar kant.

Djuvik er klar på at arbeidet mellom Vågsøy og Flora må halde fram, trass i at Bremanger ikkje vil vere med.

– Vågsøy og Flora må halde fram det arbeidet som er starta fordi realiteten er at dersom vi ikkje forhandlar og finn ei god løysing, så er det Stortinget eller regjeringsapparatet som skal bestemme korleis kommunestrukturen skal vere. Det trur eg vert ei dårlegare løysing enn at vi finn saman sjølve, seier Djuvik.

Kan bli sitjande med svarteper

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) meiner Bremanger kan bli sitjande med svarteper etter avgjerda i kommunestyret.

– Det er ikkje klokt av einskildkommunar å melde seg ut. Ein må vere med å greie ut, og så får ein sjå 1. juli kva ein vel for sine innbyggjarar, seier Njåstad.

Helge André Njåstad

HAR KOMME LANGT: Stortingsrepresentant for Frp, Helge André Njåstad, meiner arbeidet med kommunereforma i Sogn og Fjordane har komme langt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han minner om at Stortinget har rett til å skjære gjennom i unntakstilfelle ut frå regionale omsyn.

Han vil ikkje gå så langt som partifelle Djuvik i å seie at han går inn for å tvinge Bremanger med.

– Men eg har gjort greie for at Stortinget kan skjere gjennom. Bremanger bør vere med på å diskutere kva som er beste løysinga for den regionen, seier Njåstad.

Men ordføraren har ikkje tru på tvang

Atle Jan Frøyen

TAPE PENGAR: Leiar Atle Jan Frøyen i Bremanger Frp fryktar kommunen vil tape pengar på å stå åleine.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Atle Jan Frøyen er leiar i Bremanger Framstegsparti, og har ikkje sansen for vedtaket om at Bremanger ikkje lenger vil vere med.

– Vi må kunne slå oss saman med Selje, Vågsøy og Flora for å få ein stor kommune på kysten. Viss vi blir ståande åleine, kjem vi til å tape store pengar, seier Frøyen.

Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys, sa torsdag at han ikkje fryktar at Bremanger vert innlemma i ein storkommune med tvang.

– Ein må sjå på geografien, og vi ligg der vi ligg, sa Røys.