Hopp til innhold

Mecimovic klar for Sogndal

Den makedonske fotballspelaren Jasmin Mecimovic er klar for Sogndal.

Jasmin Mecimovic

AVTALE UT ÅRET: Den makedonske midtstopparen har gjort ein god figur i klubben.

Foto: Rune Sjøberg

Den 21 år gamle midtstopparen signerte kontrakten med klubben i dag.

Mecimovic har vore på prøvespel dei siste dagane og har skrive avtale med Sogndal ut året, skriv Sogndal Fotball på nettsidene sine.

Skryt frå Flo

Klubben er godt nøgd med spelaren etter han var med på 4-2-sigeren over Strømsgodset sist helg.

– Han gjorde ein fin figur i generalprøven, og viste seg som ein god spelar. Vi er glade for att han har slutta seg laget vårt, seier spelarutviklar Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Sogndal har fleire spelarar ute med skade, særleg i midtstopparposisjonen, difor tykkjer Flo det er bra å ha fått Mecimovic på plass. Han er sannsynlegvis med allereie i serieopninga mot Odd Grenland på søndag.

Henta ung keeper

Også Mathias Dyngeland frå Fana har skrive kontrakt med klubben i dag. 17-åringen er ein lovande keeper og har fått prøve seg med Sogndal under treningsopphaldet på La Manga.

Dyngeland har skrive ein kontrakt som bind han til klubben ut 2015-sesongen. Frå før spelar broren Stian på Sogndal.