Hopp til innhold

Mast på 220 meter blei sprengt rett i bakken

Med nokre smell var det etter over 20 år over og ut for det gamle landemerket på Værlandet.

Her går masta i bakken

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå videoen av 220 meter med mast som blir sprengt i bakken (Foto: Ivar Kjøs).

– Det var som på film. Rett og slett vanskeleg å beskrive, men det var litt rart, seier Gry Leite.

Ho var ein av dei som stod å såg på då den 220 meter høge masta blei sprengt i bakken på Værlandet.

I over 20 år har masta vore ein del av navigasjonssystemet Loran-C, som blant anna fiskebåtar og anna skipstrafikk har navigert etter.

– No blir det litt tomt utan den. Ute på sjøen har ein alltid visst kor ein var om ein såg masta, seier ho.

Ei omdiskutert avgjerd

I 2015 kom avgjerda i Stortinget om at Loran-C-systemet skulle bli lagt ned. Argumentasjonen var at Loran-C-systemet var både utdatert, gamalt og hadde få brukarar. Difor avslutta ein kringkasting av Loran-signal 1. januar 2016. Værlandet mista med det to arbeidsplassar.

Fleire har vore kritiske til at Noreg sine fire Loran-C stasjonar i Bø, på Jan Mayen, Værlandet og i Berlevåg, skal forsvinne. Mykje av grunnen er at systemet kan vere ein reserve for GPS.

Kritikarane har peikt på at USA og Storbritannina er blant landa som bygger opp sitt bakkebaserte systemet, heller enn å rive det ned.