Hopp til innhold

Marianne vil bli toppdommar

FØRDE (NRK): Nesten alle fotballdommarar er menn, men Marianne Aakre Laugerud frå Førde satsar. I år vil ho dømme herrefotball i fjerdedivisjon. Målet er derimot å dømme kvinnene på øvste nivå.

Marianne

AMBISIØS: Marianne Aake Laugerud har ambisjonar om å dømme kvinnefotball på det aller høgste nivået om ikkje alt for lang tid.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Å dømme herrar er ei kjekk utfordring på grunn av tempoet. Målet er likevel å dømme kvinner i toppserien, så eg må veksle med å trene kvinner for å få den treninga og, seier Laugerud.

Ho tykkjer det er synd at så få kvinner vil bli fotballdommarar, men kan likevel forstå at dei vegrar seg for å gå inn i eit så mannsdominert miljø.

– Miljøet rundt er jo veldig viktig, og kanskje særleg for jenter. Det er difor det er så bra at vi har fått til eit miljø i Sogn no der alle vi jentene som held på med dette bur, då blir det mykje enklare å satse.

Marianne Aakre Laugerud

AUDMJUK: Marianne Aakre Laugerud har trua på ein audmjuk tone ovanfor spelarane om det skulle vise seg at ho har teke ei gal avgjersle

Foto: Torben Stedje / NRK

– Skal du dømme oss!?

Laugerud seier at ho i byrjinga opplevde ein god del fordommar og dårlege haldningar blant dei mannlege spelarane, men at det er mykje betre no som dei fleste kjenner ho.

– Dei første gongane eg dømde var det litt slik at spelarane ropte "skal du dømme oss!?" då dei såg meg. Det har vorte mykje betre no. Spelarane kjenner jo meg no, og eg prøver å ha ein audmjuk stil og ikkje vere for bastant om det viser seg at eg har teke ei gal avgjersle.

Marianne Aakre Laugerud

BESTEMT: Marianne Aakre Laugerud føler ho har den same respekten hos spelarane som det mannlege dommarar har

Foto: Torben Stedje / NRK

Det er mogleg å få inn fleire kvinner

Ynge Håkonsen i Sogn og Fjordane har trua på at det er mogleg å få inn fleire kvinner i fotballdømminga om ein jobbar systematisk med det.

– I Nordland har dei like mange kvinnelege dommarar som vi har dommarar totalt her i Sogn og Fjordane, så vi har absolutt ein jobb å gjere. Eg trur det handlar mykje om å byggje gode miljø, og ha eit aktivt forhold til å få inn fleire jenter, seier Håkonsen.

Han seier at idretten har tatt store steg når det kjem til fordommar mot kvinnelege dommarar dei siste ti åra.

– For ti eller femten år sidan var det nok mange spelarar med dårlege haldningar, men i 2016 er eg overtydd om at spelarane har fullstendig tiltru til kvinner som dømmer fotball.

Marianne2

INTERVALL: Fotballdommarar må vere i god form. Her ser du tre av fire kvinnelege fotballdommarar i Sogn og Fjordane midt i eit intervalldrag

Foto: Aleksander Åsnes / NRK