– Eg var ikkje i tvil om eg ville vere med på dette prosjektet, men samtidig kjente eg ei slags vegring for å gå inn i desse enorme lidingane når vi har så mykje av det i vår tid, seier Maria Tryti Vennerød.
Ho er den einaste norske forfattaren av til saman fire dramatikarar som har vore med å skrive stykket "Andre verdskrigen – natt i verda" som har premiere på Det Norske Teatret i februar.
– Eg ville finne lenkar til vår tid, og undersøke korleis er det å hamne opp i situasjonar med så mykje vondskap, og korleis det er å leve i ei verd der oppfatningane av kva som er godt og vondt er heilt annleis, seier ho.
Framsyningar om natta
Stykket skal spelast om natta og avsluttar med freden som kjem med soloppgangen.
– Poenget er at ein skal få ei oppleving av å vere i ei anna verd, og gå i djupna på refleksjonar rundt krigen. I tillegg vil det vere gjester som snakkar om tema frå krigen.
Dette er det største teaterprosjektet Det Norske Teatret har hatt, og det er teatersjef Erik Ulfsby som har sett saman tekstane frå dramatikarane, og det er også han som har regien.
– Teatersjefen har hatt eit ønske om å sprenge dei vanlege rammene for ei framsyning. Når ein går inn i teatersalen og veit at ein skal sitje der til morgonen etter, går ein inn med ei anna haldning, og dermed blir teateropplevinga ein annan måte å vere i lag, seier Maria Tryti Venneød.
Inspirert av nazidoktor
Bidraget til Tryti Vennerød er inspirert av den tyske nazilegen Josef Mengele, og handlar om ein lege som ein følgjer før, under og etter det som skjedde i konsentrasjonsleirane.
– Nazistane trudde jo det dei gjorde var bra, og at alt dette forferdelege var nødvendig på vegen til noko godt. Eg prøver å utforske korleis ein kan lulle seg inn i ei så gal sanning.
– Dei fleste maktovergrep som skjer i dag – både under krigen og i dag, anten det er frå den eine eller andre sida – skjer i trua på at vi tenkjer vi har moralen på vår side, og at vi veit kva som er godt, og dei andre står for det som er vondt. Dermed kan vi tillate oss rettar som andre ikkje kan. Det skumle er berre at oppfattinga av kva som er godt og vondt varierer, seier ho.