Hopp til innhold

Maria trenar gutane: – Møter ingen fordommar

Ein lærar vart den viktige støttespelaren då Maria Omvik Hella sto fram som lesbisk. I dag trenar ho 22 mannfolk på sjettedivisjonslaget til Kaupanger 2 – og møter ingen fordommar.

Leikanger 2

I SJEFSSTOLEN: Det er ikkje ei einsarta spelargruppe Maria Omvik Hella trenar. Her er karar i ulik kondisjon og alder, med ulike ambisjonar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg hadde ein lærar på folkehøgskulen i Sogndal som var ein berebjelke for at eg skulle tore å stå fram, fortel Maria Omvik Hella.

Ho følte seg annleis og kjende ikkje så mange andre i same situasjon. Men læraren støtta ho og svarte på alle spørsmål.

– Det var krevjande og skummelt å innrømme det for ho først, men utruleg herleg då ho viste meg den tryggleiken som ho gjorde.

– Det var veldig vanskeleg for meg, eg prøvde sterkt å fornekte det, fortel ho.

Det var Sogn Avis som først skreiv om Omvik Hella.

Maria Omvik Hella

JOBBAR I BARNEHAGE: På dagen jobbar Maria Omvik Hella i ein barnehage i Sogndal, medan ho på ettermiddagane er fotballtrenar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Gjekk ut på Facebook

Etter ei stund kom statusen på Facebook, der Maria gjekk offentleg ut og fortalde at ho var lesbisk.

– Eg kom fram til at det er slik eg er, og at eg var nøydd til å stå fram med det.

Responsen var utelukkande positiv – med ros, støtte og gode ord. Etterpå kom fotballtrenaren bort til Maria, klappa ho på skuldra og sa at ho var modig.

– Så tok han av seg armbandet og gav det til meg. Dette skal du ha, sa han. Det var eit MOT-armband, der det stod «vis mot». Det betyr mykje, fortel ho.

Blir kalla «Helena»

Det var ei tøff tid for Omvik Hella, men på fotballbana fann ho styrke og tryggleik.

Maria Omvik Hella

SETT KRAV: Som fotballtrenar sett Maria tydelege krav.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg var usikker, følte at eg hadde lurt så mange. Men det styrka meg, og eg vart tryggare.

Den styrka nyt ho godt av no når ho trenar 22 karar på sjettedivisjonslaget Kaupanger 2. Det er lett å samanlikna Maria med Helena Mikkelsen i NRK-serien «Heimebane».

– Fleire kallar meg Helena, og det skjønner eg godt at dei gjer. Meg eg synest eigentleg ikkje det er så mykje likskap, seier ho.

For medan Helena Mikkelsen møter mykje fordommar i TV-serien, både blant supporterar, spelarar og i støtteapparatet, har ikkje Maria opplevd det same.

– Slikt har eg ikkje opplevd i det heile tatt. Eg har blitt tatt veldig godt imot, og møter ingen spørsmål om at eg er ei dame som skal trene karar.

Tydeleg og direkte

Men det er ei krevjande spelargruppe ho har ansvaret for. Med både småbarnsfedrar, som ein gong i tida var unge og lovande, og 16-åringar med ambisjonar, må ho finne det rette nivået.

– Det er utfordrande, for det er ulike kondisjonar og ulik alder. Men eg set krav og har eit skikkeleg opplegg til dei, det må vere seriøst på trening.

– For eg veit at dei gir tydeleg beskjed dersom dei er ueinige, seier ho.

Maria Omvik Hella

STYRKA: Å kome ut som lesbisk har gjort Maria Omvik Hella sterkare, også på fotballbana og i rolla som fotballtrenar for 22 karar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK