Hopp til innhold

Leif kunne ha velta Sunnfjord-draumen

SANDE (NRK): Han kunne ha velta storkommune-draumen i Indre Sunnfjord heilt åleine. Men nei-mannen Leif Bell frå nei-partiet Sp vart sitjande då det gjaldt.

Sp røystar under kommunereforma Gaular

MANNEN SOM VART SITJANDE: Sp-benken i Gaular reiser seg og stemmer nei til samanslåing. Men Leif Bell blir sitjande, sjølv om han personleg er i mot kommunesamanslåing. Omsynet til veljarane vog tyngst.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Leif Bell var varamann for Senterpartiet i Gaular kommunestyre under røystinga om kommunereforma tysdag. Han representerer altså det partiet som har stått sterkast på barrikadane mot regjeringa si kommunereform.

Sjølv er Leif Bell like ihuga motstandar av storkommunar som partiet. Likevel vart han sitjande då det historiske valet skulle takast.

Mot eiga overtyding

– Eg er blant dei mest ihuga nei-røystene til samanslåing. Men me har spurt våre overordna, som er veljarane. Og me har fått eit ja-svar, under tvil. Vi er nøydd til å vere lojale mot veljarane, sjølv om eg mislikar resultatet sterkt. Difor seier eg ja i dag, sa Bell då han sto på talarstolen før avrøystinga.

Så sette han seg. Og vart sitjande.

Som kjent vart det ja til samanslåing med Jølster, Naustdal og Førde med knappast mogleg fleirtal 11 mot 10 representantar. Hadde Bell gjort som andre Sp-arar, ville resultatet vorte motsett og storkommunedraumen i Indre Sunnfjord kunne ha stogga der og då.

Den tidlegare politimannen kunne ha knust draumeprosjektet til regjeringa og kommunalminister Jan Tore Sanner i Sunnfjord.

Folkestyre

Dagen derpå angrar han ikkje.

– Demokratiet kan vere brutalt til tider. Veljarane i Gaular tok ei avgjerd i april og det må vi som folkevalde akseptere sjølv om vi er aldri så usamde, seier Bell til NRK.

– Som medlem av eit parti som er veldig tilhengar av folkestyre fell det naturleg for meg å akseptere det folket i Gaular har sagt, sjølv om det var eit ganske knipent fleirtal.

Var det vanskeleg for deg?

– Ja, men skal vi ta folkestyre på alvor må vi ta slike val.

– Dersom du hadde reist deg under røystinga hadde kanskje heile Indre Sunnfjord-draumen velta. Har du tenkt på dette?

– Både ja og nei. Men dette valet tok veljarane og eg aksepterer den, sjølv om eg aldri så mykje mislikar det.