Hopp til innhold

Mann (29) alvorleg skadd etter skredulukke

Den 29 år gamle mannen som blei tatt av eit snøskred i Sogndalsdalen måndag kveld, er under betring.

Leitemannskap i Frudalen

LEITEAKSJON: Store styrkar leitte måndag kveld etter ein mann som var sakna i Frudalsfjellet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tilstanden vart tysdag skildra som kritisk, men Haukeland universitetssjukehus opplyser i ei pressemelding onsdag at tilstanden er alvorleg.

– Han blei flydd frå Førde til Haukeland universitetssjukehus, oppyste operasjonsleiar Ole Tom Nord i Vest politidistrikt til NTB ved 1.30-tida natt til tysdag. Seinare på natta melde sjukehuset at mannen er alvorleg skada etter skredet.

Klokka 22.15 måndag kveld kunne politiet melde at mannen var funnen i eit snøskred.

– Mannen er funnen i eit snøskred i eit område som heiter Storesteinen i Frudalen, sa Trond Hatlenes ved Vest Politidistrikt.

Mannen vart tidlegare på kvelden meldt sakna av familien som ikkje fekk kontakt med han. Då mannen vart meldt sakna klokka 19.22, vart redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors i Sogndal og Luster, Sogn Skredgruppe og politi mobilisert, opplyste politiet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Mannen vart meldt sakna av familien som ikkje fekk kontakt med mannen, som hadde sagt han skulle på skitur, sa Trond Hatlenes ved Vest Politidistrikt.

Hatlenes seier det er eit svært krevjande område å leite i.

– Han skal ha med seg både skredvarslar og snøspade, sa Hatlenes.

Klokka 19.13 melder politiet på Twitter at også Norske redningshundar er varsla.

Laster Twitter-innhold