Hopp til innhold

Åtvarar mot stor snøskredfare i heile Sør-Norge

Det er betydeleg snøskredfare i store delar av Norge. I går kveld blei ein mann i slutten av tjueåra alvorleg skadd i ei skredulukke i Sogn.

Leitemannskap

SKREDULUKKE: Store mannskap rykte ut for å leite etter ein mann som blei tatt av skred i Sogndalsdalen måndag kveld.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein må ha erfaring med å kjenne att faresignala, seier vaktleiar Jostein Aasen hos snøskredvarslinga.

Snøskredfaren er på nivå tre over store delar av landet. Unnataket er delar av Nord-Norge og Møre og Romsdal.

Svakt snølag har siste ti dagane ført til stor snøskredfare i Sogn, Jotunheimen og Hallingdal.

– Svakt snølagt har ført til fleire snøskred i det siste. Det svake laget er spesielt aktivt i Sogn, seier Jostein Aasen, vaktleiar i Snøskredvarslinga.

Mann teken av skred

Måndag kveld vart ein 29 år gamal mann kritisk skadd i eit snøskred ved Storesteinen i Frudalsfjellet i Sogndalsdalen. Fjellområdet er populært blant frikøyrarar.

Mannen vart funnen i overflata av snøskredet tre timar etter at han vart meldt sakna av familien sin.

– Faregraden er på nivå tre, betydeleg, i heile Sør-Norge, men det er ulike skredproblem. I tillegg til svakt snølag, gir nedbør og vind kortvarig fare for naturleg utløyste skred, seier Aasen.

Snøskred

SNØSKRED: Eit svakt snølag gir stor snøskredfare i høgfjellet, medan vêr og vind gjer at det under tregrensa kan gå naturleg utløyste snøskred.

Foto: Martin Leite Gilleshammer

Langvarig

Medan snøskredfaren vil variere med vêr og vind langs kysten, er situasjonen spesiell i Sogn.

Den siste tida er det meldt om fleire snøskred i regionen. Også større skred utløyste av skiløparar.

– Det svake laget gjer at snøskredfaren nok vil ligge lenge på faregrad 3 og folk bør unngå å ferdast i snøskredterreng så lenge dette laget er aktivt. Det er lett for ein skiløpar å løyse ut skred, seier Aasen.

– I dei område der vi har vedvarande svake lag, så må det bli så pass mykje mildvêr at laget smeltar vekk, eller så må eit berande lag med snø legge seg oppå slik at det aktive laget ikkje lenger er aktivt, legg Aasen til.

– Unngå skredterreng

I Indre Fjordane, Voss og Hardanger er ferske nysnøflak problemet i høgda, medan temperaturstigning og regn kan føre til naturleg utløyste skred under snøgrensa.

Vaktleiaren presiserer at den høge snøskredfaren ikkje gjer at folk må unngå skiopplevingar i fjellet. Men ein bør unngå snøskredterreng og vere ekstra merksam på kvar ein er, ser og høyrer.

– Går ein i slakkare terreng enn 30 grader, og held god avstand til brattare terreng, så kan ein gå mange fine og trygge turar, seier han og held fram.

– Drønn er typiske teikn på at det svake laget er til stades, avsluttar han.