Bærprodusentar i sjokk etter menneskehandelsikting

– Stemmer dette, så er det godt at han blir tatt, seier Knut Olav Ekeberg. Politiet meiner polsk mann kan ha utnytta mellom 30 og 40 polske sesongarbeidarar.

Bærprodusentane Aud Bøthun og Knut Olav Ekeberg

BÆRPRODUSENTAR: – Vi tek sterk avstand frå dette, seier bærprodusentane Aud Bøthun (t.v.) og Knut Olav Ekeberg om pågripinga og siktinga av ein mann i 40-åra i Vik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ein polsk statsborgar i 40-åra vart måndag pågripen i Vik, sikta for menneskehandel.

Mannen skal over tid ha formidla vidare eit større tal polske sesongarbeidarar til fleire bønder. Han vart tysdag avhøyrd av politiet i Bergen.

Knut Olav Ekeberg og Aud Bøthun er bærprodusentar og styremedlemer i Fresvik Kjølelager.

Begge understrekar at dei som produsentar ikkje har hatt noko med den sikta sitt firma å gjere.

– Det er ei forferdeleg kjensle. Du blir lei deg langt inn i hjarterota, seier Ekeberg.

Tok politiet med på tilsyn

NRK fekk tysdag morgon stadfesta politiaksjonen av lensmann Ove Andersen i Vik. Han viser elles til politiet i Bergen for ytterlegare kommentarar.

Bergen politistasjon

AVHØYR: Mannen som er sikta for menneskehandel blir avhøyrt av politiet i Bergen tysdag.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Mannen vart pågripen då politiet var med Arbeidstilsynet på tilsyn ved arbeidsplassen til mannen. Arbeidstilsynet viser til politiet for kommentarar.

– Der kom det fram opplysningar som gav mistanke om at ein del arbeidarar frå Polen vart utnytta. Det går mellom anna på løn, arbeidstid og innkvartering, stadfestar politiadvokat Bernt Dahlsveen ved Akrimsenteret i Bergen.

På noverande tidspunkt meiner politiet at mannen kan ha utnytta mellom 30 og 40 polske arbeidstakarar. Han er sikta for brot på straffelova § 257, menneskehandel.

Har ikkje teke stilling til siktinga

Mannen sin forsvarar, Anette Vangsnes Askevold, seier til NRK at avhøyret tysdag ikkje var fullstending. Ho vil ikkje kommentere korleis han tek siktinga.

– Han har ikkje teke stilling til siktinga, seier Askevold.

Saka rystar ei næring, der arbeidsvilkåra til utanlandske sesongarbeidarar ved fleire høve har vore sett i eit dårleg lys.

Ei kjelde fortel til NRK om konfliktar mellom den sikta mannen og sesongarbeidarar, og at enkelte skal ha hatt ei timeløn på 20 kroner. Det blir hevda at arbeidarar ikkje har fått betalt for arbeid og har returnert til heimlandet.

– Dette er eit slag i ansiktet, og gir næringa eit dårleg bilete. Nokre få øydelegg for alle, seier produsent Aud Bøthun og presiserer at ho uttaler seg som bærprodusent.

Gjorde fleire beslag

Under aksjonen tok politiet mellom anna beslag i mobiltelefonar og datamaskiner. Arbeidet med å gå igjennom dette vil ta tid.

Dahlsveen ynskjer ikkje å kommentere kva funn som gjorde at politiet gjekk til pågriping.

– Det vart vurdert at faren var stor til at han kunne øydeleggje bevis om han ikkje vart pågripen, seier politiadvokaten.

Dahlsveen kjenner førebels ikkje til korleis mannen stiller seg til siktinga. Først etter avhøyra i dag vil politiet ta stilling til om mannen skal framstillast for varetektsfengsling. Ei eventuell fengsling vil først skje i morgon.

– Meiner de at den sikta kan ha tent store pengar på det de meiner er utnytting?

– Det er det for tidleg å seie noko om.

– De kan heller ikkje seie noko om kor mange år det har gått føre seg?

– Ikkje på noverande tidspunkt.

– No prøver politiet å snakke med arbeidarane, samstundes som sikta blir avhøyrd. Så vil ein vurdere status i saka, seier Dahlsveen.