Hopp til innhold

Må kvitte seg med dyr etter det verste året som bonde nokon sinne

Den våte og kalde sommaren har ført til så dårlege avlingar at mange bønder må kvitte seg med dyr.

Olav Johan Mo

MÅ KVITTE SEG MED DYR: I fjøsen til Olav Johan Mo blir det færre kyr i tida framover. Han har ikkje nok fôr.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Regn, regn og regn. Slik har sommaren vore for bønder over store delar av Sogn og Fjordane. Og det får konsekvensar.

Bonde Olav Johan Mo på Osen i Gaular er ein av fleire som må kvitte seg med nokre av dyra han har i fjøsen. Han har rett og slett ikkje mat til dei.

– Dette er nok den vanskelegaste sommaren eg har opplevd som bonde. Eg har mykje mindre fôr, og då må eg redusere talet dyr slik at eg har nok for fram til våren kjem, seier Mo til NRK.

Svært dårleg sommar for bøndene

Det er ein bonde som er prega av den tøffe sommaren NRK møter i fjøsen i Gaular. 110 storfe står på bås, men om ikkje lenge må Mo kvitte seg med minst 20 av dei.

I vinter var vêret så kald at den øydela marka hans. Når sommaren i tillegg vart våt og kald, blei avlingane alt for små.

Og bonden på Osen er langt ifrå den einaste som har fått merke korleis ein kald og våt sommar har prega innhaustinga.

– Sommaren har vore så dårleg som den på nokon måte kan bli. Det har vore veldige mengder med nedbør, i heile sommar, seier Arve Arstein hos Norsk landbruksrådgjeving.

Allereie tidlegare i sommar såg han konturane av det som kunne bli eit tøft år for bøndene. I juli var avlingane så dårlege at Arstein ikkje hadde sett maken på 20 år.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Frostskader i landbruket.

FROSTSKADER: Allereie tidleg i vår var bøndene prega av ein kald vinter.

Dyre alternativ

Arstein seier dei dårlege avlingane gjer bøndene to val.

– Anten må dei redusere buskapen, eller så må dei kjøpe dyrt fôr som erstatning, seier Arstein.

Uansett kva alternativ bøndene vel, så vil det råke dei også økonomisk. Arstein sitt råd er klinkande klart.

– Eg håpar alle som har krav på det søkjer erstatning, sjølv om eigendelen er stor. Dei største bøndene bør absolutt gå til kommunane og få vurdert om dei skal søkje erstatning, seier Arstein.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Johan Moe

NEKTAR Å GJE OPP: Olav Johan Moe er prega av ein særs dårleg sesong, men vil likevel ikkje gje opp.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dei er veldig frustrerte

Han har jamn kontakt med bøndene i Sogn og Fjordane. Mindre gras, øydelagde bøar og vanskelege tilhøve for innhausting pregar dei som driv med landbruk i fylket.

– Bøndene er veldig frustrerte. Bønder eg alltid har opplevd som positive, også dei heng litt med hovudet etter ein slik sesong, seier Arstein.

Sjølv etter det som har vore den tøffaste sesongen han har opplevd som bonde, har ikkje Olav Johan Mo tenkt å gje opp. At det er vanskeleg å vere bonde når vêrgudane ikkje er på hans side, er ikkje til å leggje skjul på.

– Det har vore hardt og mykje arbeid for å kome i mål denne sommaren, seier Mo som seier sesongen har vore mykje verre enn vanleg.

Førebels har verken Arstein i Landbruksrådgjevinga eller landbruksavdelinga hos Fylkesmannen oversikt over kor store tapa blir for bøndene i Sogn og Fjordane denne sesongen.