Hopp til innhold

Vinteren gjev mindre avling

Bøndene har brukt tid på å reparere enga etter den tøffe vinteren. Opp mot 20 prosent mindre fôr enn i fjor.

Fôrhøster

Deler av dei ytre stroka i fylket har mindre avlingar enn det som er vanleg. Den vanskelege vinteren får skulda.

Foto: Håvard Zeiner / NRK

- Eg har 15-20 prosent mindre fôr enn i fjor, seier Anders Hopland frå Hellevik i Fjaler til Norsk landbruksrådgiving .

Trur han skal klare seg

Han har ikkje hatt store vinterskader på enga si, og har difor ikkje hatt bruk for å fornye meir areal enn det han vanlegvis gjer. Og sjølv om det er ein del mindre fôr å hente inn i år, trur han likevel at han skal ha nok til vinteren.

- Vêret har vore bra, og eg har fått fortørka alt i over eit døgn før finsnittaren har plukka det i avlessarvogna, seier han.

Ytre delar av fylket slit mest

Det er i ytre delar av fylket at førsteslåtten ikkje har gjeve same resulatat som i fjor. Men forklaringa ligg truleg i den tøffe vinteren med svært kalde dagar. Engene treng reperasjon etter fleire månader med slikt vêr, og dermed har bøndene måtte bruk tid ogkrefter på det.

Norsk Landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane har snakka med fleire bønder som fortel om det same som Hopland.

Vinterskade på nær halvparten

Marie og Anders Ringstad i Askvoll hadde vinterskade, kalla snømugg, på deler av garden. Det mest skada arealet vart brakka og fornya med horisontalharv.

- No spirer det fint, og vi ventar ein god slått i haust, seier dei.

Jens Helgheim i Holmedal har vinterskade på omlag 70 av totalt 180 daa slåttemark.

- Eg er avhengig av ein god andreslått på heile slåtteområdet om eg skal ha nok fôr til buskapen min, seier han.

Men han sit framleis med omlag 50 dekar vinterskadd eng som ikkje er gjort noko med. Dermed ser det ut til at han ikkje får alt det fôret han treng til vinteren.