Hopp til innhold

Varmare ver fører til tre slåttar

Fleire bønder i Sogn og Fjordane bur seg på tre slåttar denne sommaren.

Slått i Naustdal
Foto: Steinar Lote / NRK

Grunnen er at klimaendringane gjer at våren kjem stadig tidlegare. For bøndene betyr dette ein lengre vekstsesong for graset.

Ikkje problem med tre slåttar

Bonde Hugo Aasen frå Førde har teke konsekvensane av dette, og satsar på tre innhaustingar denne sommaren.

- Her er veldig gode areal, så eg ser ikkje noko problem med å ta tre slåttar sjølv om den siste blir tidleg i september.

Ny grastype

Vi har så vidt starta på juni, men på bøen på Hafstad står graset saftig, grønt og klart til å verte hausta. Over heile fylket er slåtten anten i gong, eller rett rundt hjørne.

Etter at Hugo Aasen i fjor sådde 70 mål med raisvingel er han for første gong klar for ein sommar med tre slåttar.

Tidlegare vekststart

Skal ein tru utviklinga vert ikkje Aasen den siste bonden som må til med tre slåttar. For Liv Østrem, forskar ved Bioforsk Vest, fortel at målingar gjort på Fureneset i Fjaler går i ei retning.

- Utviklinga går i retning av at ein får ein tidlegare vekststart kvart år. Når temperaturen er høgare frå årsskiftet, så vil det gje ein tidlegare vekst. I 2006 var veksstarten 17. april, i 2007 var den14. april, i 2008 12. april og i år så tidleg som 3. april.

Klimaendringane er komne for å bli, og konsekvensane vert altså ein utvida vekstsesong. I følgje Østrem kan ein kan rekne med eit par veker ekstra, både på våren og hausten. Og med den rette grassorten opnar ein forlenga vekstsesong for tre innhaustingar, med god kvalitet.

God graskvalitet

Og det er nettopp kvaliteten på avlingane som kan bli påverka av klimaendringane, hevdar Arve Arstein ved Norsk Landbruksrådgjeving i Sogn og Fjordane.

- Utfordringa er at foret blir tidlegare hausteklart. Viss bøndene held på gamle måtar å gjere det på, så får ein for dårleg kvalitet. Ein må sleppe kalenderen og innsjå at det må endringar til for å få god nok forkvalitet.

- Er bøndene innstilte på endringar?

- Ja, det trur eg. Bøndene er fantastisk flinke til å omstille seg, det har vi mange gode døme på. Om ikkje alle gjer dette over natta, så ser vi ei intersse for at dette er spanande. I fjor var det mange som tok til å dyrke grasarten som heiter raisvingel.

Ikkje i heile fylket

På kort sikt vil ikkje heile fylket ha lang nok vekstsesong for tre slåttar, men forkvalitetstesta før pinsa, viste at avlingane i Stryn var komne like langt som i ytre Sunnfjord.

Og sjølv om kanskje ikkje alle bøndene ser lyst på ein tredje slått, kvir ikkje Hugo Aasen seg for å ta utfordringane med tre slåttar.

- Det er veldig interessant å prøve noko nytt og ikkje gro fast i gamle mønster.