Hopp til innhold

Her er frostskadene så store at bonden må så opp att marka

Fleire bønder har fått så store frostskadar på bøane etter vinteren, at dei må så opp att store landområde.

Frostskader på marka

STORE SKADER: Det ser mest ut som rismarker med grastustar som står i dammar av regnvatn på garden til Svein Erik Hafstad.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

– Nokre bønder seier dei aldri har opplevd større skader i si tid som bonde – og då har dei gjerne drive i 20-25 år, seier Arve Arstein.

Han er rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving, og trur dei unormalt store frostskadane etter vinteren vil få alvorlege ringverknader for avlinga til bøndene.

Ser ut som rismarker med dammar

I Førde har bonde Svein Erik Hafstad pløgd opp og sådd nesten 300 mål jord, som no står i vatn:

Rundt huset og fjøsen, på eit område like stort som 40 fotballbaner, ser det meir ut som rismarker med grastustar som står i dammar av regnvatn. Hafstad konstaterer at jobben han har gjort i år må han gjere att neste år og.

– Det er ikkje hjelp i å sjå mørkt på det. No har eg sett 150 mål med raigras for å berge vinteren, men eg må ta att mykje neste år også, seier bonden.

Fryktar dårlegare førsteslått

Bøndene kan søkje kommunen om erstatning ved betydelege frostskadar på bøane.

– Det er nok mange som har mykje skade i år. Vi hadde ein dårleg haust med mykje nedbør i oktober, og så kom vinteren veldig brått. Den var i tillegg veldig lang og tøff, og det er nok hovudgrunnen til dei skadane vi ser no, seier Arstein.

Mange bønder bur seg no på ein dårlegare førsteslått enn normalt.

– Når du køyrer forbi i full fart med bil ser det grønt ut, men det er for langt mellom aksa. Det er rett og slett ofte for tynt, seier rådgjevaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bonde Svein Erik Hafstad

ER OPTIMIST: Svein Erik Hafstad vil ikkje sjå mørkt på situasjonen, trass i omfattande frostskadar på marka.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Er optimist framfor vinteren

– Eg har ikkje lyst til å ikkje vere altfor negativ. Men ser vi på prognosane på vêret for resten av mai, ser det ikkje så lysteleg ut. Det ser vel diverre ut for at mange vil få for lite for til vinteren, seier Arstein.

– Det medfører også ein økonomisk smell?

– Ja, sjølvsagt. Det er dyrt å kjøpe fôr. Det er også ekstraarbeid å hente det, og logistikken blir annleis på gardane. Så det er rett og slett ingen ønskesituasjon.

Tilbake i Førde vil ikkje Svein Erik Hafstad klage over situasjonen bøndene har kome i. Han håpar heller på godt vêr.

– Eg trur eg skal klare meg med så mykje raigras. Eg kan hauste det tre-fire gongar – men då må eg ikkje ha for mykje regn, seier han.