NRK Meny
Normal

Manglar DAB-radio i politibilane

Nesten ingen av tenestebilane i politidistrikt Vest har DAB-radio. Omorganisering og stramme budsjett får skulda.

Politibil

UTAN DAB: Snart er det heilt stilt på radioen i dei fleste tenestebilane i politidistrikt Vest.

Foto: Morten Karlsen / NRK

– Politifolk sit mange timar i bil gjennom arbeidsdagen. Då er det klart at tilgang på radio er viktig.

Det seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen. Svært få av tenestebilane i regionen hans har DAB-radio. Onsdag føremiddag blei FM-nettet sløkt for NRK i fem fylke, mellom anna Sogn og Fjordane og Hordaland.

Arne Johannessen

SOGNDAL: Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, håpar at DAB-radio kan vere på plass i politibilane på nyåret.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ifølgje bilansvarleg i politidistrikt Vest, Tatjana Knappen, manglar om lag 95 prosent av politibilane i distriktet DAB.

– Det er snakk om mellom 100 og 150 køyretøy som treng ei oppgradering, seier ho.

Då Knappen tok over stillinga som bilansvarleg i starten av juni, var dette ei av arbeidsoppgåvene som låg og venta på ho.

– Vi er midt i ei omorganisering med mange arbeidsoppgåver og mange nye i stillingar. Difor har dette kome i annen rekke.

Når vil dette vere på plass?

– Det kan eg ikkje seie noko om.

Stor investering

Kostnaden ved å installere DAB- radio er det regionskontora som må ta.

Lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, seier det er ei stor investering.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

STRAMT BUDSJETT: Tormod Hvattum trur det vil bli dyrt å installere DAB-radio i bilane i Nordfjord.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Det dreier seg om fleire titusen kroner. Pengar som vi har lyst til å bruke på noko anna.

Også i Sogn vil dette bli ein stor utgiftspost.

– Det er ikkje sett av pengar. Det er fordi budsjettet er så stramt at vi har prioritert det absolutt nødvendigaste, seier Johannessen.

– Ikkje avgjerande

I samband med overgangen til DAB gav politidirektoratet i januar beskjed til distrikta om at dei måtte vurdere behova sine og gjere lokale tilpassingar.

– Dette vart bestemt fordi det er store variasjonar i bilparken til politiet, skriv Bente Klæstad i ein e-post. Ho er kommunikasjonsrådgjevar i Politiets fellestenester.

Ifølgje Klæstad fekk dei ingen tilbakemeldingar på dette.

– DAB-radio er ikkje avgjerande for politiets operative teneste, skriv Klæstad.

Likevel er det er eit ønskje blant dei tilsette å ha radio i bilane.

– No har ein tilgang til informasjon via telefon og andre hjelpemiddel, så det er ikkje kritisk på nokon måte. Men sosialt og arbeidsmessig er det veldig greitt å ha tilgang på radio, seier regionlensmann Johannessen.

DAB digitalradio i bil

UTDATERT: Snart vil alle dei riksdekkande kanalane forsvinne frå FM-nettet.

Foto: NRK

Forventar at det kjem på plass

– Det er klart vi forventar at bilane til politiet blir oppdatert med ny teknologi, seier Ørjan Hjortland som representerer dei tilsette i Politidistrikt Vest, gjennom Politiets Fellesforbund.

Han meiner radioen i politibilane er viktig.

– Det er ein viktig trivselsfaktor, men det er og viktig i forhold til at det går både sikkerheitsmeldingar og vegmeldingar i radioen.

Han skulle gjerne sett at dette allereie var på plass.

– Det skjer veldig mykje i politiet for tida, så eg har forståing for at det har blitt gjort prioriteringar. No forventar vi at dette blir ordna innan rimeleg tid.

Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned