Fredag publiserte han ein Instagram-video som syner eit tandemstøt på 240 kilo. Saman med Daniel Roness har han fått enorm merksemd for stuntet:
På berre fire dagar har om lag 220.000 sett videoen på Facebook-sida hans. I tillegg kjem eit ukjent tal på Instagram, og fleire hundre tusen visingar på andre Facebook-sider.
– Eg har ikkje lenger kontroll. Men all pr er god pr, ler Øverås.
- Les også:
Måtte halde seg borte frå sosiale medium
Tandemstøt er ikkje akkurat ei kvardagsleg øving i vektløfting. Det vanlege er at løftarane gjer øvinga individuelt. For Øverås og Roness er det mest for showet sin del.
Og det er tydeleg at mange synest det er artig å sjå på.
– Det har tikka inn meldingar i eitt sett på Facebook. Og det har ikkje vore betre på Instagram. Nesten litt for mykje, humrar Øverås.
Ei stund vart det så mykje at 20-åringen heldt seg borte frå sosiale medium for å få fred.
– Det vart mykje større enn vi hadde forventa. Men det er jo artig, då, seier han.
Må unngå at løftet blir skeivt
Øverås er ein av Norges beste vektløftarar, og satsar i år hardt mot U20-EM. Han er derimot klar på at tandemløfting ikkje er noko å satse på.
Tidlegare har brørne Odd Gunnar og Håvar Røyseth frå Naustdal utmerkt seg med eit tandemløft på 275 kilo. Til samanlikning er verdsrekorden på heile 333,3 kilo.
– Folk synest nok at det er kult å sjå at vi er så synkroniserte. Vi fekk hjelp av trenar Gunnar Reiakvam, som talde taktfast, slik at vi greidde å løfte heilt likt. Utfordringa er om det blir skeivt – då får den eine veldig mykje av tyngda, seier Øverås.
- Les også:
Landslagskameratane løftar begge i klasse -69 kilo og er nokolunde jamsterke. Begge har som mål å kvalifisere seg til EM i Førde og Naustdal i 2016.
.