Hopp til innhold

Må klare seg utan Mecinovic

Jasmin Mecinovic var midtstopparen som skulle tette eit skaderåka Sogndal-forsvar. Søndag måtte også 21-åringen gje tapt etter ein overtramp.

Jasmin Mecimovic blir skadd. Ørjan Hopen til høgre.

SKADE: Etter at Jasmin Mecinovic vart skadd i denne situasjonen, måtte midtstopparen forlate bana.

Foto: Ole André Rekkedal

Allereie etter 24 minuttar vart Mecinovic liggjande att på bana etter ein duell.

Seks minuttar seinare vart han erstatta av Gustav Valsvik som Hannu Patronen sin makkar i midtforsvaret.

– Mecinovic har fått ein overtramp, samt skade på muskulatur på utsida av leggen. Kampen mot Rosenborg heng i ein tynn tråd, seier medisinsk koordinator, Kim Are Jacobsen, i Sogndal Fotball.

Må ha ro nokre dagar

Makedonaren hinka av grasmatta på Fosshaugane, og reiste frå stadion på krykkjer etter poengdelinga mot Hønefoss.

21-åringen går framleis på krykkje, og var måndag til nærare undersøking hos Jacobsen.

– Han må ta det med ro eit par dagar, så hevinga går ned. Så må vi jobbe med stabiliteten i okla så han kan byrje med bassengtrening. Elles er det behandling med is og varme om ein annan som er den beste behandlingar for slike skader, seier naprapaten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jasmin Mecimovic ut med skade. Kim Are Jacobsen til høgre.

UTE NESTE KAMP: Jasmin Mecinovic må truleg stå over oppgjeret mot Rosenborg på Lerkendal i neste serierunde.

Foto: Ole André Rekkedal

– RBK blir bonus

– Jo lenger hevinga set i, dess verre er skaden. No er Rosenborg-kampen om ei veke, og skulle han rekkje den så er det ein stor bonus, legg Jacobsen til.

Med også Mecinovic på skadelista, er det godt nytt at både Per Egil Flo og Elvis snart blir strokne frå den relativt lange skadelista i Sogndal.

Eirik Bakke er delvis skadd, medan Thomas Eriksen Ness, Espen Næss Lund og Eivind Daniel Røed er ute i lengre tid.

Håpår på FKH-kamp

Jacobsen seier dei håpar å ha både Flo og Elvis klar til Haugesund og Oddbjørn Skartun kjem til Fosshaugane 15. april.

– Det er godt å sjå at folk byrjar å nærme seg. Både Elvis og Per Egil byrjar å trene med ball i morgon, så får vi sjå korleis det fungerer. Det er mykje om og men, men vi håpar at begge blir klar til Haugesund, seier Jacobsen.