0-0 og uavgjort heime mot Hønefoss i første heimekamp for sesongen er likevel noko både spelarar og trenar var nøgd med.
Dette trass i heilt andre prestasjonar enn mot Odd Grenland i opningskampen - som gjekk på kunstgras i Skien.
Ingen baklengs for Udjus
No nærmar det seg kunstgras også på Fosshaugane. I sommarpausen vert dekket skifta.
– Bana burde jo sjølvsagt vore betre, men eg tykkjer vi trass alt gjer ein ok kamp i dag, seier Sogndal-målvakt Kenneth Udjus til NRK.
MÅLLAUST: Kenneth Udjus gler seg til det kjem kunstgras på Fosshaugane i sommar.
Foto: Ole André Rekkedal / NRKHan er ikkje minst nøgd med at han ikkje har sluppe inn nokon baklengsmål hittil i sesongen, og at laget trass alt leverer gode prestasjonar på ei bane som var meir prega av humpar og sår, enn vårgrønt gras.
Ros til banemannskapa
– Banemannskapa har gjort ein kjempejobb med å få bana klar til kampen. Dei fortener verkeleg all ros for at den i det heile vart speleklar, konkluderer Sogndal-trenar Jonas Olsson.
STOD PÅ: Stéphane Diarra Badji framstår som ein svært innsatsviljug spelar i kampen mot Hønefoss.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRKHan rosar spelarane som kjempa hardt i to omgangar, og sjølv om det ikkje vart mål, meiner Olsson at kampen lovar godt for sesongen framover.
– Dette vart jo mildt sagt ein heilt annan kamp enn opningskampen mot Odd Grenland. Vi skal spele fire eliteseriekampar til på dette dekket, men det skal bli godt å få bytta ut dette dekket med kunstgras, seier Olsson til NRK.
NØKTERN: Jonas Olsson er nøgd med fire poeng på to kampar.
Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRKOlsson var etter kampen full av lovord om spelarane, ikkje minst Badji, som kjempa som ei senegalsk løve gjennom heile kampen.
Nesten-mål for Tonny
– Badji er rett og slett ein svært god spelar, og kjempa svært godt i dag, slo Olsson fast på sit sedvanlege nøkterne vis.
Ein annan spelar som kjempa godt i uavgjortkampen mot Hønefoss var danske Tonny Brochman Christensen. Han var svært nær på å skåre, men ballen slo knallhardt i tverrliggaren og ut etter 63 minutt i kampen.
– Det var rett og slett ergerleg at den ikkje gikk inn, men det var litt stang ut i dag. Men eg er totalt sett nøgd med kampen, ikkje minst fordi vi hittil i eliteserien står utan baklengsmål, seier Tonny til NRK.
Makedonske Jasmin Mecinovic måtte gå av bana med skade i 1. omgang, og hinka ut av Fosshaugane på krykker etter kampen.
– Vi veit førebels ikkje om kor alvorleg skaden kan vere, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.