Hopp til innhold

– Eg har ikkje hatt tid til å tenkje så mykje. Eg har vore makkande utsliten om kveldane

UTVIK (NRK): Per Inge Verlo og familien fekk heile eigedomen rasert av flaumvatnet sine herjingar. Kjære eigendelar vart rivne på fjorden. Det vil ta minst eitt år før dei kan flytte heim att.

Per Inge Verlo foran huset i Utvik

FLAUMKAOS: Det er ikkje lenger mogleg å bu i heimen til Per Inge Verlo og familien.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det kvitmåla trehuset er omringa av gjørme, steinar, trerøter og alt som flaumvatnet drog med seg gjennom bygda. Det er hektisk aktivitet i huset når NRK besøkjer Per Inge Verlo i sentrum av Utvik.

– Vi held på å rive ut heile første etasje, alt av inventar skal ut, og så skal vi rive opp golvet, forklarar huseigaren.

Det er når golvet vert rive opp at Per Inge Verlo verkeleg får sjå kva tilstand huset hans er i. Han gruar seg til det.

– Klart det. Eg har nokre tankar om kva som møter oss. Det er ikkje det eg gleder meg mest til, for å seie det slik.

Vatnet som øydela alt

Måndag 24. juli herja flaumvatnet stygt med den vakre bygda Utvik i Nordfjord. Elvar fann nye løp og øydela vegar, bruer, hus og heimar for millionar av kroner.

I ti dagar har Verlo og resten av bygdefolket stått på for å redde det som kan reddast.

– Eg har ikkje hatt tid til å tenkje så mykje. Du har vore makkande utsliten om kveldane, og det har du i grunn vore om morgonane òg, seier Verlo.

Per Inge Verlo på trappa til huset sitt i Utvik

MYKJE ARBEID: Det har vore lange arbeidsdagar for huseigar Per Inge Verlo i Utvik. Familien har funne seg eit mellombels husvære i nabobygda Innvik.

Foto: Silje Guddal / NRK

Familien har fått beskjed om at det vil minst eitt år før dei kan flytte heim. Heile første etasje har fuktskadar. Kjellaren var fylt til taket med vatn, sand og slam.

– Tid for tankar har det ikkje vore, heldigvis. Men det kjem dagar etter dette, når ein begynner å tenkje på det som har skjedd.

Eit ufrivillig flyttelass

Framfor inngangsdøra står ein blå container fylt av pappesker. Familien må pakke saman stort og smått.

– Eigedomen vår er om lag hundre prosent øydelagd. Fire bygningar er skada. Den gamle treskofabrikken må truleg rivast.

Verlo hadde planar om å restaurere den gamle treskofabrikken slik at alle kunne få sjå det gamle handverket. No er grunnmuren og alle gamle minner riven vekk.

– Det er kanskje det mest trasige, at alt det er øydelagt, seier Verlo.

Prøvar å sjå framover

– Korleis taklar dokke og bygda dette?

– Bygda står på. Det er eit utruleg engasjement, men vi er sjokkerte, mange er påverka av dette. Det kjem nok kvardagar som vert tyngre.

Flaumskadar foran huset til Per Inge Verlo i Utvik

ENORME SKADAR: Slik ser det ut i området rundt huset til familien Verlo i Utvik.

Foto: Silje Guddal / NRK

Likevel er håpet å få bygda tilbake til normalen så fort som råd.

– Vi håpar no på å få området tilbake til det det var, og kanskje enda betre.