NRK Meny
Normal

Flaumen kosta minst 120 millionar kroner

Det er meldt inn 127 skader etter flaumen i Utvik og Gloppen i førre veke. Finans Norge meiner at erstatningskrava vil kome opp i 70 millionar kroner.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.7

VART DYRT: Tysdag sa Statens vegvesen at det ville koste minst 50 millionar å bygge opp att veg og bruer i Utvik. No seier Finans Norge at erstatningane på privat eigedom foreløpig har nådd 70 millionar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

I tillegg trur Statens vegvesen at det vil koste minst 50 millionar kroner å reparere fylkesveg 60 og to bruer i Utvik.

Den store flaumen måndag i førre veke har dermed kome opp i ein foreløpig kostnad på minst 120 millionar kroner.

Omfattande skader

Finans Norge skriv i ein pressemelding at det er meldt inn nokre svært omfattande materielle skader og ein rekke mindre skader etter flaumen.

Innbyggarane i Utvik og folk i Gloppen vart spesielt hardt ramma, viser oversikta til Finans Norge.

Det er mest skader på private hus, hytter, uthus, naust og garasjar. Fleire hageanlegg har fått store skader og enkelte næringsbygg er ramma.

Skader på bilar og båtar kjem i tillegg.

– Framleis er dette i ein tidleg fase og det er for tidleg å seie kva dei materielle skadane vil utgjere til slutt. Vi ventar fleire skademeldingar, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.6

ER MEIR: Sjølv om kostnaden no er oppe i 120 millionar totalt, er ikkje skader på båtar og bilar blitt rekna ut. Det kjem i tillegg.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Herja stygt

Forsikringsselskapa rapporterer at oppryddingsarbeidet og den store jobben med å tørke opp er i gang.

Stine Neverdal

ERSTATNINGAR: Kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Foto: TOM INGEBRIGTSEN / NRK

– Dette arbeidet kjem til å ta tid. Røynsler frå tidlegare viser at naturskadar som følge av vatn ofte er meir kostbare kva stormane klarar, seier Neverdal.

Både denne og førre veke vart det arrangert folkemøte der dei råka vart orientert om korleis erstatningsordningane fungerer.

Naturskadeordninga

Alle bygningar og lausøyre som blir forsikra mot brannskade blir automatisk også forsikra mot naturskade. Dette følger av naturskadeforsikringslova, og blir administrert av Norsk Naturskadepool. Gjennom ordninga er folk sikra erstatning ved naturskade som følge av skred, storm, flaum, stormflo, jordskjelv og vulkanutbrot.

Det som ikkje let seg forsikre gjennom private ordningar kan vere dekka gjennom Statens naturskadeordning, ifølge Finans Norge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.