Hopp til innhold

Stilte på dugnad for Utvik

Folk kom frå Olden og Innvik for å vere med på dugnad i Utvik i dag. – Heilt fantastisk, seier Wenche Bruland, som fekk hjelp til å rydde opp på garden sin.

Dugnad i Utvik

DUGNADSGJENGEN: 17 personar møtte opp for å hjelpe til på garden til Wenche Bruland i dag.

Foto: Wenche Bruland

– Det er heilt fantastisk. Skulle vi gjort dette sjølv trur eg det ville tatt eit år, seier Wenche Bruland. Ho mista to naust, eit drivhus og heile jordbæråkeren sin i flaumen i Utvik.

Denne helga skulle eigentleg Sommardagane i Utvik vore arrangert, i staden vart det sommardugnad.

– Dette var eit flott og uventa initiativ, seier Bruland.

Om lag 17 personar møtte opp på garden til Wenche Bruland i dag tidleg, klare for å ta i eit tak. Dugnaden kom i stand på initiativ frå Vikane Røde Kors.

Oppryddning etter flaumen i Utvik

TUNGT ARBEID: Under dugnaden vart det flytta lausmasse, som elva skylte inn på tunet til Wenche Bruland.

Foto: Wenche Bruland

– I dag har det blitt spadd enormt mange lass med lausmasse. Dette er i området som gravemaskina ikkje kjem til. No ser det mykje betre ut og det er så oppmuntrande, seier Bruland.

Etter dugnaden ser ein liten del av hagen hennar nesten ut som den gjorde før flaumen. Garden til Bruland var ein av dei som vart hardast råka av flaumen i Utvik.

– Neste gong kan det vere oss

Rune Holen kom frå Olden for å hjelpe til med oppryddingsarbeidet i Utvik.

– Vi såg på Facebook at det skulle vere dugnad. Då må ein tråkke til og hjelpe, når ein har ein slik situasjon. Så vi var eit par karar frå Olden som reiste, fortel han.

Holen kjenner godt til Wenche Bruland, som var læraren hans på barneskulen Olden.

– Vi bur jo alle i same område. Neste gong er det kanskje vi som treng hjelp, seier han.

Rune Holen

VILLE HJELPE: Rune Holen meiner det er viktig å hjelpe til i slike situasjonar.

Foto: Wenche Bruland

Tok initiativ til dugnad

Det var Jarle Aaberg, leiar i Vikane Røde Kors, som tok initiativ til dugnaden. Han seier 35–40 personar møtte opp for å vere med.

– Vi er veldig, veldig takksame for at folk kjem og støttar bygda, seier han.

Framleis er det mykje arbeid som står att i Utvik. På dugnaden i dag vart det jobba ute. Mange som er råka ventar på takstmann, som kjem på måndag, og dei er redde for å gjere for mykje før dei har fått registrert skadane.

– Det var mange som ringde og lurte på om dei skulle komme, men i dag hadde vi nok folk til det arbeidet som skulle gjerast. Halvparten har vore i sentrum og rydda og resten har vore på garden til Bruland, seier Aaberg.