NRK Meny
Normal

Partia ferdigforhandla i Leikanger

Olav Lunden held fram som ordførar i Leikanger kommune.

Leikanger

LITE ENDRING: Konstellasjonen Senterpartiet, Høgre og Arbeidarpartiet held fram med å regjere i Leikanger.

Foto: Arild Nybø / NRK

Det er klart etter at Senterpartiet, Høgre og Arbeidarpartiet vart samde om å vidareføre konstellasjonen som har styrt kommunen dei siste to periodane.

– Det betyr at Arbeidarpartiet får ordføraren, medan Senterpartiet får Ole Simen Nesdal inn som varaordførar, seier Lunden til NRK.no.

Ingen følgjer for utmelding

Olav Lunden

ORDFØRAR: Olav Lunden held fram med ordførarklubba i Leikanger.

Foto: Leikanger kommune

Det var lenge knytt spenning til kva følgjer Tobias Dale si utmelding frå Arbeidarpartiet ville få .

På grunn av utmeldinga mista Arbeidarpartiet eit av mandata.

– Vi har hatt fleire møte og eg meiner vi har hatt ein open og god prosess. Ut frå den uheldige situasjonen vi kom i, så bestemte vi oss for at det ikkje skulle påverke konstitueringa. Vi har heilt klart teke avstand frå det som skjedde, seier Lunden og fortel at partia var samde om at utmeldinga ikkje skulle bli tunga på vektskåla som avgjorde ordførarspørsmålet.

Mest ryddig

Også Sosialistisk Venstreparti viste interesse for eit valteknisk samarbeid med Ap for at SV skulle få ein plass i formannskapet.

– Temaet vart drøfta i kveld, men vi vart samde om at det mest ryddige var å halde på det samarbeidet vi har hatt dei siste to periodane, seier Lunden.

Med vidareføring av konstellasjonen, vil dei tre partia site med 11 av 17 røyster i kommunestyret.

I tillegg til Lunden og Nesdal, vil også Egil Henning Ytterøy (H) og Janne Dokken (Ap) få plass i det fem medlemer store formannskapet. Den siste plassen blir tilbode SV og Venstre.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.