Hopp til innhold

Politikar får totalslakt etter utmeldinga frå Ap i Leikanger

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Får totalslakt av valekspert.

Knut Henning Grepstad.

KRASS I KRITIKKEN: Valekspert og valkommentator Knut Henning Grepstad meiner Tobias Dahle har ført folk i Leikanger bak lyset.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

- Eg valde å gå ut av lista fordi programmet som vart sendt ut til veljarane ikkje var det same programmet som nominasjonsmøte vart samde om. Det er ordførar Olav Lunden som står bak dette, seier Tobias Dahle tysdag.

Stemt inn - meldte seg ut

Dale vart måndag stemt inn i kommunestyret i Leikanger.

Men ein time etter at vallokala stengde i Leikanger, valde han å trekkje seg frå Arbeidarpartiet si liste.

Årsaka er endringar i programmet som veljarane i kommunen fekk tilsendt i posten.

- Kritikkverdig av partiet

Han meiner det er svært kritikkverdig at prgrammet som veljarane fekk i forkant av valet var endra, at han ikkje kunne stå inne for det.

- Det er å setje demokratiske prinsipp til side, seier Dahle.

Det er fleire ting Dahle reagerer på i programmet, men spesielt ei setning:

«Vi vil leggje til rette for at arbeidsinnvandrarar og flyktningar vert integrert i lokalsamfunnet.»

Dette var den setninga nominasjonsmøte i partiet vedtok.

(artikkelen held fram under biletet)

Olav Lunden

SÅ SKUIFFA: Olav Lunden, Ap-ordførar i Leikanger manglar ord for kor skuffa han er over Dahle.

Foto: Leikanger kommune

Endra ordlyden

På programmet som var sendt ut til veljarane var ordlyden slik:

«Dersom det vert gjennomført utgreiingar om kommunesamanslåinga skal det haldast folkerøysting der alle får sei si meining.»

Arbeidarpartiordførar i Leikanger, Olav Lunden, reagerer kraftig på det Dahle har gjort.

- Har nesten ikkje ord!

- Det er svært skuffande det han gjort. Det skuffar meg så til dei grader at eg nesten ikkje har ord for det, seier Lunden.

Han trekkjer fram at veljarane er førte bak lyset.

- Folk i Leikanger har møtt opp, brukt stemmeretten sin og så opplever dei dette. Når nokre kandidatar ikkje spelar med reine kort er det skuffande.

- Umoralsk av Dahle

Valkommentator i NRK Sogn og Fjordane Knut Henning Grepstad meiner saka er svært uheldig.

- Eg synest dette er veldig problematisk. Eg oppfattar situasjonen slik at han før valdagen visste om og hadde ei kritisk haldning til ein prosess og til pratiprogrammet . Då er ein forplikta til å seie frå på førehand av eit val, seier Grepstad.

Grepstad kallar det umoralsk.

- Det å seie at ein går ut av partiet like etter at tida for å røyste er over er ei handling som set politikken i miskreditt. Det er å føre veljarane bak lyset, og eg må nesten bruke eit så sterk uttrykk som at det ligg eit element av politisk umoral når ein gjer dette, seier Grepstad.

artikkelen held fram under biletet)

Leikanger

LURTE: Ordførar Lunden meiner folket i Leikanger er lurte av Tobias Dahle.

Foto: Arild Nybø / NRK

Dahle står på sitt

Dahle meiner han har gjort det einaste rette.

- Eg gjorde det. Om lag to veker før valet sendte eg eine post til styret der eg informerte dei om endringane i programmet. Og eg bad dei om å korrigere dette. Men fleirtalet ville ikkje gjere noko med det. Eg fann ikkje anna måte å gjere det på, forklarer han.

- Men du var klar over det før valdagen, hadde ikkje veljarane rett på å få vite at du kom til å trekkje deg?

- Eg tok opp saka den vegen slike ting skal takast opp. Det at programmet vert endra frå nominasjonsmøte til det som faktisk vert sendt ut er jo veldig alvorleg. Det er mykje meir alvorleg enn det eg har gjort, seier Dale.

Ville forsvinne i det stille

- Men kunne du ikkje gått ut i til dømes media og sagt frå om dette før valet?

- Det kunne eg gjort, men eg ville ikkje ha noko mediestyr rundt dette slik det er blitt no. Eg ville gjere det i det stille.

- Men hadde ikkje veljarane rett på å få vite dette?

- No stiller du det same spørsmålet fleire gonger. Eg har svart på det. Eg tok det opp den korrekte vegen. Det utsendte programmet som låg i postkassene i Leikanger er ikkje det same som det nominasjonsmøte vedtok.

Politikarforrakt

Valkommentator Grepstad seier veljarane er svært opptekne av kven som står på dei ulike politiske listene.

- Då blir det å gå til val på ei liste for deretter å melde seg ut av partiet og lista lett noko som kan setje politikk og politikarar i eit dårleg lys. Eg vil seie at slike handlingar er blant dei som fører til at vi møter ord som politikarforrakt. Og det fører til at folk synest det er vanskeleg å ta politikarar på alvor. Det er ei norm dei bør passe seg for, seier Grepstad.

- Dahle meiner sjølv han har gjeve beskjed før valet, og at han ikkje hadde noko anna val. Er ikkje det godt nok?

- For meg er det ikkje ei god nok forklaring. Han måtte trekkje seg på førehand slik at veljarane visste kva situasjonen var. At han ikkje gav beskjed om dette på førehand fører veljarane bak lyset. Han hadde sjansen til å trekkje seg og gje beskjed. Då meiner eg det han har gjort fortener bastante karakteristikkar.

- Har lurt folket

Lunden meiner det er folket i Leikanger dette har gått ut over.

- Dette burde Tobias Dahle ha gjeve folket på Leikanger beskjed om før valdagen!

Dahle sjølv står på sitt.

Om han går til andre en Arbeidarpartiet veit han ikkje.

- Det vil tida vise. Det har skjedd ei utmelding frå Arbeidarpartiet og det er det. Neste steg veit eg ikkje.