Hopp til innhold

Lunden kan ryke etter sjokkutmelding

Tobias Dale vart i kveld valt inn for Arbeidarpartiet i Leikanger. Ein time og tolv minutt etter at vallokala stengde melde han seg ut av partiet.

Olav Lunden
Foto: Leikanger kommune

– Eg kan stadfesta at Tobias Dahle melde seg ut av Leikanger Arbeidarparti klokka 21.12 i kveld, sa lokallagsleiar Jon Håkon Odd til Sogn Avis ved midnatt.

Dale vil sjølv ikkje kommentere den sjokkerande utmeldinga frå partiet, men skal i følgje avisa ha sendt ein e-post til leiar i lokallaget, Jan Tore Odd og til fylkesleiar Nils P. Støyva.

– Eg har ikkje lese nokon e-post, men dette verkar underleg. Utover det ønskjer eg ikkje å kommentere dette no i natt, seier Støyva til NRK.

I følgje Sogn Avis skuldast den dramatiske utmeldinga valkvelden usemje om den omstridde kraftutbyggjinga i kommunen og korleis ei mogleg folkerøysting om kommunesamanslåing med Sogndal skal foregå.

Olav Lunden (Ap) har vore ordførar i to periodar. Når gruppa no går ned frå seks til fem representantar, er det duka for harde forhandlingar om ordførarposten i Leikanger.