Hopp til innhold

Desse elevane løyste 35.000 likningar på fem dagar

I konkurranse mot 1700 andre lag, kom denne matteklassen frå Eid vidaregåande skule på 6. plass i ein nasjonal algebra-konkurranse. Dei løyste svimlande 35.000 likningar på ei veke.

Algebra-elevar Eid vgs

KONSENTRERT: Dei 22 elevane i matteklassa til Ingrid Marie Berg Sandene sette alle klutar til då dei deltok i den nasjonale mattekonkurransen førre veke.

Foto: Ingrid Marie Berg Sandene (MMS-foto)

På fem dagar løyste 36.110 elevar 7.949.875 likningar i mattekonkurransen Algebra Challenge Norway.

Kvar av dei 22 elevane frå Eid vgs. løyste nesten 1.600 likningar på fem dagar.

– Totalt har dei løyst 35.000 likningar på fem dagar, seier Ingrid Marie Berg Sandene.

Ho er lærar for dei 22 elevane i VG1-klassen ved Eid vidaregåande skule som har valt teoretisk matematikk.

Læraren melde dei på

Målet før konkurransen var at elevane i Norge skulle løyse totalt 350.000 likningar. Fasiten til slutt synte at nær 8 millionar likningar hadde vorte løyste av totalt 36.110 elevar.

Det var Sandene som var pådrivaren for å få med klassen på den nasjonale konkurransen.

– Eg var mest interessert i å vite korleis konkurransen skulle gå føre seg, seier Sandene.

Som matte-lærar har ho vore svært oppteken av spelet med tanke på å lære seg algebra.

Konkurransen var open for elevar frå barnetrinnet og oppover. Grunnlaget for konkurransen er eit spel, DragonBox, der ein får oppgåver i likningar i forskjellige vanskegrader.

Skulle løyse flest mogleg

Algebra Challenge er opphavleg eit forskingsprosjekt ved Center for Game Science ved University of Washington.

Konkurransen i Norge vart arrangert av Nasjonal Digital Læringsarena og IKT-Norge, i samarbeid med University of Washington og selskapet bak DragonBox, We Want to Know.

Målet med konkurransen var å bruke DragonBox til å løyse så mange likningar som mogleg, samt å få flest mogleg til å delta. Den klassen som løyste flest likningar per elev frå måndag klokka 08.00 til fredag klokka 20.00, vann eit klassesett av nettbrettet iPad mini.

– Spelet startar med figurar, og det liknar ikkje på matematikk i det heile i starten. Men dei brukar same prinsipp som når du løyser likningar, fortel Sandene.

Etter kvart endrar figurane seg til matematiske symbol.

– Og etter kvart løyser du faktisk ganske avanserte likningar. Dette kan og vere ein måte å nå dei som ikkje likar matte. Dette er noko alle kan meistre, seier Sandene.

Premien tende elden i elevane

Ho melde på klassen, men var usikker om dei kom til å tenne på å vere med på ein slik konkurranse. Men så feil kan ein ta.

For håpet om å få seg ein eigen iPad mini, tende gneisten hjå ungdommane.

– Vi vart veldig motiverte av at vi kunne vinne ein iPad, det er ikkje tvil om det. Vi hadde utruleg lyst til å vinne, seier Nikoline Espelund Myklebust, som er ei av dei 22 elevane i klassen til Sandene.

Med lagnamnet "Eidebra" (liten avart av algebra), gjekk elevane på med friskt mot måndag morgon.

– Dei fekk ein mattetime på måndagen. Men det vart eit veldig trøkk. Dei spelte mattespelet i kvar ledige stund, i fritimar, friminutt og på fritida, seier Sandene.

Myklebust stadfestar at det vart lagt ned ein uhorveleg innsats for å få festa grepet rundt iPaden.

– Ein dag sat eg frå eg kom heim etter skulen, til eg la meg. Det var det mange som gjorde, fortel Myklebust.

Var heilt oppe på 4. plass ei stund

På resultatsida kunne dei følgje med heile tida korleis dei gjorde det. Og den iherdige innsatsen betalte seg.

– Det gjekk veldig bra. Vi låg høgt oppe på listene, heilt oppe på fjerdeplass på det beste, fortel Sandene.

Onsdag spurte ho om dei ville prøve å avansere ved å overnatte på skulen. Rektor var velvillig til ideane, og elevane var med som fly.

– Vi overnatta på skulen natt til fredag, skulen spanderte pizza og frukost. Dei heldt oppe trøkket heilt til konkurransen vart avslutta fredag klokka 20.00, seier Sandene.

Trass i iherdig innsats, heldt det «berre» til ein 6. plass. Men elevane hengde ikkje med hovudet for det.

– Eg spurde dei om det hadde vore verdt det. Dei har jo brukt 15–16 timar i snitt på dette, i tillegg til å halde oppe andre aktivitetar og skulearbeid. Då var svaret unisont ja, seier Sandene.

Det stadfestar Myklebust.

– Alle er veldig glade for innsatsen, og vi er glade for at vi vart med. Klart vi var litt skuffa over å ikkje vinne iPaden, men totalt sett er vi kjempenøgde med ein sjetteplass i konkurranse med 1700 andre, seier Myklebust.

Har gjort noko med miljøet

Både lærar og elev meiner innsatsen i konkurransen, og overnattinga på skulen, har gjort noko med klassemiljøet.

– Dei har støtta kvarandre heile tida, og har komme veldig nær kvarandre. Dette trur eg dei kjem til å hugse i mange år framover, seier Sandene.

– Det var veldig sosialt og kjekt, og eg trur vi har vorte ein meir samansveisa gjeng, seier Myklebust.

– Det er veldig korleis folk har jobba for å få dette til, seier Sandene.

Ho er derimot litt skuffa over at arrangørane ikkje nytta den mest avanserte versjonen av DragonBox.

– Etter nokre timar kom elevane opp på det faglege nivået som dei kunne i forhold til det spelet her. Eg skulle ønskje at det hadde halde fram med aukande vanskegrad. Då hadde dei hatt meir fagleg utbytte, seier Sandene.

Stolt ordførar gratulerer

Det er Myklebust samd i.

– Det var ikkje som eg hadde trudd. Det kunne godt vorte vanskelegare etter kvart, seier Myklebust.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er djupt imponert over resultata til klassen, og gratulerer både elevar, lærar og skule.

– Dette er like stort som om ein ungdom får ein 6. plass ei ein nasjonal idrettskonkurranse. Kjempeflott. Eg er stolt, seier Bjørlo.

Han er ekstra glad for at elevane har fordjupa seg i realfag.

– Det er fantastisk bra at dei gutsar til og går nesten til topps i ein realfagskonkurranse. Det er det vi skal leve av i framtida, seier Bjørlo.