Hopp til innhold

Politiet: Har grunn til å tru at nokre av bildelane kjem frå bilen til den sakna

Politiet trur delar som er funne i Jølstravatnet kan kome frå bilen til mannen som er sakna etter jordraset der tysdag.

Øystein Russenes

SKAL UNDERSØKJE VIDARE: Innsatsleiar Øystein Russenes seier politiet skal gjere fleire undersøkingar i veka som kjem.

Foto: Benedikte Grov / NRK

I helga har frivillige delteke i søk etter mannen som har vore sakna etter eit jordras i Jølster tysdag. Laurdag blei det funne delar som mogleg kunne stamme frå ein bil.

– Politiet har grunn til å tru at nokre av delane kan kome frå bilen til den sakna mannen, seier innsatsleiar Øystein Russenes til NRK søndag ettermiddag.

– Dette skal vi undersøkje nærare i løpet av denne veka, legg han til.

Mange frivillige med

Politiet hadde miniubåt inne i søket før helga, og blir helga blir det gjort overflatesøk og strandsøk i regi av Jølster brannvesen.

Brannsjef Tor Arild Segtnan er overvelda over kor mange frivillige som har meldt seg i desse søka.

– Vi hadde i utgangspunktet organisert for eit relativt beskjedent søk, men gjekk med ut at folk som ønskte det kunne melde seg, fortel han.

Brannvesenet gjekk ut med informasjon fredag kveld. Laurdag føremiddag var det 22 private båtar og 72 privatpersonar med i søket. Det blir også brukt vasskuter i søket.

Frivillig søk i Jølster

SØKET HELD FRAM: Dei frivillige søker etter den sakna mannen også søndag.

Foto: Bård Siem / NRK

– Mange har hive seg rundt på kort tid, seier Segtnan.

– Ein ønskjer å stille opp

Birger Fugle er ein av dei mange frivillige som har meldt seg. Han stiller med båten sin for å hjelpe til i søket.

– Ein ønskjer å stille opp i slike situasjonar. Det som er spesielt er at den sakna er frå bygda. Ein ønskjer å gjerne ein innsats for familie og pårørande, seier Fugle.

Han meiner det er ånda i Jølster at folk tek i eit tak i krevjande situasjonar.

– Vi har vore vande med å stille opp og hjelpe med det ein kan. Det er det som viser seg igjen. Når det røyner opp, stiller dei som kan opp på alle moglege måtar.

Søk på Vassenden

SØK PÅ VASSENDEN: Laurdag morgon var søket i gang på Vassenden.

Foto: NRK-tipsar

Stolt og imponert over sambygdingane

Brannsjefen seier han er stolt og imponert over sambygdingane sine i det som har vore ei krevjande veke for innbyggjarane i Jølster. Mange har stilt opp til frivillig innsats.

– Det er veldig rørande. Innsatsen frå frivillige heilt frå tysdag ettermiddag har i mine auge vore avgjerande for at vi klarte å gjennomføre innsatsen på ein så god måte. Det gjeld brannvesenet, politi, kommuneleiinga – alle er klar over kor viktig det frivillige engasjementet var.

– Vi er meir takksame enn vi kan få gitt uttrykk for, seier han.

Segtnan seier folk ber preg av det som har skjedd.

– Samtidig er det ein stor vilje til at «dette skal vi klare». Det gjennomsyrer folket, korleis dei oppfører seg og kva dei gjer og bidreg med.

Laurdag og søndag er det planlagt søk over heilt vatnet, med to søk kvar av dagane. Måndag startar politiet opp att søket med miniubåt. Segtnan seier det kan bli aktuelt å setje inn frivillige seinare også om det blir nødvendig.

Betyr mykje

Og Jølster-ordførar Oddmund Klakegg seier det pregar kommunen at ein lokal mann er sakna. Det store engasjementet folk i kommunen viser, gjer han audmjuk.

– Det betyr enormt mykje for oss. Dette har nok vore ei stor og skremmande sak for mange. Skal vi kome oss vidare i Jølster og legge dette bak oss ein eller anna gong, trur eg det er veldig viktig at vi finn den sakna, seier Klakegg.

– Lysta frå jølstringane til å rekke ut ei hand og hjelpe til her, er overveldande. Det varmar meg utruleg i denne situasjonen, og etter det eg skjønnar betyr det mykje for dei som står midt oppe i det.

Gjorde funn laurdag

Utrykkingsleiar for leiteaksjonen, Arve Dvergsdal, fortel til NRK at dei tek vare på alt som ligg flytande i vatnet, i håp om at noko kan knytast til den aktuelle bilen.

– Men vi har ingen garantiar for noko endå.

Dei frivillige held fram søket også søndag. Om lag 20 båtar søkjer frå begge sider av Jølstravatnet.