Hopp til innhold

Har funne moglege bilrestar

Dei frivillige som søker i overflata av Jølstravatnet har funne det som kan vere bilrestar. – Vi har funne diverse deksel som kan stamme frå botnplater på ein bil. Vi veit førebels ikkje om delane tilhøyrer den aktuelle bilen, det er noko politiet vil kartlegge, seier utrykkingsleiar for leiteaksjonen, Arve Dvergsdal, til NTB i 19-tida laurdag. Det var TV2-nyheitene som melde om funnet først. Til NRK fortel Dvergsdal at dei tek vare på alt som flyt i vatnet, i håp om at noko kan knytast til bilen. – Men vi har ingen garantiar for noko endå, seier han. I søket i ettermiddag deltok elleve båtar frå kvar side av vatnet, og om lag 60 personar totalt, fortel Dvergsdal.