Det skjedde på Nordfjordeid og i Florø. Folk i Florø hadde latt seg lokke då matvaregiganten i dag opna dørene til sine ti første butikkar her i landet.
Men meter på meter med mest ukjende og nokre kjende varer imponerte slett ikkje alle.
- Uventa høge prisar
Det meste kring Lidl er hemmeleg, og mytane florerer. Lidl sel matvarer svært billeg mange stader i Europa, men dei første reaksjonane her i fylket er at prisane var uventa høge. Enkelte varer er billegare enn hos konkurrentane, medan enkelte faktisk er dyrare.
Ein av grunnane er at norske matvarekjedar alt har senka ein del prisar for å møte konkurransen frå Lidl, seier kjøpmann Frode Årdal i Førde.