Hopp til innhold

Her håpar dei å produsere 250 tonn morellar

LÆRDAL (NRK): Dei 19 produsentane i Lærdal leverer allereie nesten halvparten av morellane i Norge. No vil dei levere endå meir.

Fruktbøndene i Lærdal har store planar om å auke morellproduksjonen. Målet for 2016 er 250 tonn av dei raude bæra.

MORELLAR: Med eksperthjelp frå England skal morellebøndene i Lærdal få endå meir fart på produksjonen.

– Vi greier ikkje å mette den norske marknaden med norske morellar i dag, så det er rom for vekst, seier Harald Blaaflat Mundal.

Han er dagleg leiar i Lærdal Grønt og saman med dei trufaste morellebøndene i kommunen satsar han no på vekst.

Men det er ikkje gjort i ei handvending. Denne veka var eksperthjelp hyra inn frå England for å lære fruktbøndene i Lærdal til å utnytte kvart einaste tre til det fulle.

Satsar mot 250 tonn til sommaren

Blaaflat Mundal seier det er fleire faktorar som spelar inn skal dei greie å vekse.

– Vi må få større avling hos dei som produserer, dei må plante meir, og vi må få nye folk til å starte opp med morellar, seier han.

I det tørre klimaet i dalbotnen i Lærdal ligg alt til rette for morellproduksjon. Men dei to siste åra har vanskelege vêrforhold om våren gjort at produksjonen på morellar i Lærdal har vore på rundt 150 tonn.

Lærdal Grønt sitt relativt hårete mål for årets sesong er 250 tonn morellar.

– No håpar vi på ein bra vår. Kanskje kan vi klare 250 tonn denne sesongen om vi har ein optimal sesong. Men så er det sjeldan at alt er heilt optimalt, seier Blaaflat Mundal.

Morelletre i Lærdal

RAUDE FREISTINGAR: Til sommaren kan dalføret i Lærdal bli forvandla til eit paradis for dei av oss som likar norske morellar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Populære bær landet over

Roger Utengen

POSITIV: Roger Utengen i Bama seier morellane frå Lærdal står svært sterkt i den norske marknaden.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I Bama er produktsjef Roger Utengen full av lovord om dei raude bæra frå Lærdal.

– Lærdal har eit veldig godt namn i marknaden. Merkevara står sterk, kanskje spesielt i Bergen, men også i resten av landet, seier han.

Han seier nordmenn er veldig glade i morellar, og at det er vanskeleg å få tak i nok.

– Vi har for lite norske morellar i dag, stadfestar han.

Klar for knallhard jobbing

At fruktbøndene i Lærdal no legg seg i selen for å greie å levere endå meir blir møtt med applaus.

– Dette er veldig positivt og vi støttar det hundre prosent.

Når våren kjem er håpet i Lærdal at frosten i år held seg unna når morelltrea står i blomster. Harald Blaaflat Mundal seier dei innan 2020 har mål om å auke omsetnaden frå 70 til 100 millionar kroner.

– Skal vi klare det må vi vekse kvart år framover, seier han.

Harald Blaaflat Mundal

SATSAR STORT: Harald Blaaflat Mundal seier dei no jobbar for å kunne levere endå meir norske morellar til svoltne kundar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK