– Eg kan (...) ikkje vere medlem i eit parti som let att augene for ulovlege handlingar berre fordi desse er utført av eigne sentrale medlemmar, skriv Starheim i det svært kritiske brevet du kan lese i sin heilskap lenger nede.
Årsaka til utmeldinga er ein revisjonsrapport med kritikk av økonomihandteringa i fylkespartiet. I dag fortalde NRK at Starheim melder seg ut, og kallar det som har skjedd for «snusk og fanteri»
Starheim var stortingsrepresentant for Framstegspartiet mellom 2005 og 2013, og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp i sju år. I 2013 utnemnde partileiar Siv Jensen han til æresmedlem i partiet.
Tidlegare fylkesleiar og noverande gruppeleiar på fylkestinget, Frank Willy Djuvik, er førstekandidaten til Frp til fylkestingsvalet til hausten. I eit direkte skriftleg svar han har sendt til NRK, fyrer han tilbake mot den tidlegare stortingsrepresentanten.
– At Starheim gjentek påstandane med håp om at det skal verte sant om han gjentek det fleire gonger, seier meir om Starheim enn det gjer om partiet og underteikna, svarar Djuvik i brevs form.
Les heile utmeldingsbrevet frå Starheim her:
Les svaret frå Djuvik her: