Lenka seg fast til anleggsmaskiner

Trass i at aksjonistar frå Natur og Ungdom tysdag fekk både bøter og ferdselsforbod gjekk dei dagen etter i gang med ny aksjon. Og fleire er i vente.

Aksjon natur og ungdom engebøfjellet

FASTLENKA: Torgeir Vestre og Gaute Eiterfjord har planar om å stoppe arbeidet så lenge dei klarar.

Foto: Natur og Ungdom/Torgeir Lie

Aksjonistar frå Natur og Ungdom lenka seg onsdag ettermiddag fast til maskinene som skal drive prøveboring for gruveselskapet Nordic Mining. Klokka 17.50 har politiet framleis ikkje sendt folk til staden.

– I dag er det seks aksjonistar, to på kvar av dei tre maskinene som held på, og det er nok til at vi har fått stengt ned arbeidet, seier leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, til NRK.

Reiste ned att av fri vilje

Dette skjer dagen etter at 14 aksjonistar i går vart fjerna med makt av politiet.

Ifølgje Bergens Tidende har ungdomane lenka seg fast til ei beltevogn og to boreriggar, som arbeidarar frå det finske selskapet Oy Kati AB i natt har rigga i stand.

Ingrid Skjoldvær

HELD FRAM: Natur og Ungdom kjem til å ha fleire aksjonar mot gruvedrifta i Engebøfjellet, seier leiar Ingrid Skjoldvær.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dei var nok naturleg nok litt oppgitt. Det er ikkje dei vi jobbar mot, det er Nordic Mining, og det har vi prøvd å forklare. Det har ikkje vore noko høgt konfliktnivå, seier Skjoldvær, som ikkje deltek på dagens aksjon fordi ho i går fekk ferdselsforbod.

Onsdag kveld har aksjonistane reist ned igjen frå Engebøfjellet av fri vilje. Politiet hadde då framleis ikkje sendt ressursar til Vevring.

– Vi føler vi har gjort ein god dags innsats. Folka våre har sete lenge på kalde maskiner, så vi vurderte at det var betre med fleire aksjonar enn å slite ut folka våre på andre dagen, seier Ingrid Skjoldvær.

Politiet vil unngå daglege situasjonar

Trass i at 14 aksjonistar i går vart bøtelagde og har fått forbod mot å opphalde seg i anleggsområdet, seier Skjoldvær at dei har stadig nye aksjonistar som er villige til å komme og vere med på nye aksjonar dei neste dagane.

Natur og Ungdom aksjon Engebøfjellet

PROTEST: Vetle Mikkelsen og Lars Bøye Rosseland er blant dei som onsdag har lenka seg fast til maskinene på Engebøfjellet for å stoppe arbeidet til Nordic Mining.

Foto: Natur og Ungdom/Torkel Lie

Det likar visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden, dårleg.

– Eg håpar at vi får ein fornuftig dialog med desse ungdomane som gjer at nok snart er nok. For vi er ikkje interesserte i å setje av ressursane på eit lensmannskontor i veldig lang tid framover. Då må vi justere tiltaka våre.

Men kva det inneber vil han ikkje gå innpå no.

Veit ikkje om dei vil godta bøtene

Natur og Ungdom er på si side vil ikkje gi seg.

– Vi er klare over at det er ein stor ressursbruk for politiet, men vi har prøvd alle lovlege verkemiddel og dette er siste utveg, seier Skjoldvær.

Politiet tok i går alt utstyret til aksjonistane, mellom anna lavvoen dei skulle sove i. Aksjonistane vart fjerna og fekk 10.000 kroner i bot kvar. Dei har framleis ikkje bestemt om dei vil godta bota eller gå til sak.

Over 2000 personar har sagt seg villige til å bryte lova. Aksjonistane som fekk bot i går har fem dagar på seg til å godta den, elles blir det fengsel i 20 dagar. Ferdselstilbodet varer fram til 30. april.

14 aksjonistar vart arresterte etter å ha lenka seg fast for å hindre gruveselskapet Nordic Mining i å drive prøveboring i Engebøfjellet i Naustdal.

LENKA SEG FAST: Aksjonistane vil ikkje gi opp kampen for Førdefjorden. (Foto/redigering: Steinar Lote)

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.