Hopp til innhold

Legg ut andres privatsamtalar på Facebook - ny trend spreier seg på skular

Facebookgruppa Overhøyrt er blitt ein trend på mange skular i Noreg. Alle er ikkje like begeistra for dette nye fenomenet.

Julie Dvergsdal og Ylva Ottesen

OVERHØYRT: Venninnene Julie Dvergsdal og Ylva Ottesen kan ikkje fortelje kvarandre hemmelegheiter i gangen på skulen lenger.

Foto: Hibba Sarmdawy / NRK

Elevane Julie Dvergsdal og Ylva Ottesen er begge elevar på Hafstad vidaregåande skule og følgjer med på Facebook-gruppa Overhøyrt på Hafstad VGS. Jentene er ueinige om kva dei synest om gruppa.

Det er ei side der dei som styrer det går rundt og høyrer kva folk seier i gangane, og så publiserer dei det du har sagt på gruppa. Det kan vera ting som er morosame eller spesielle, seier Ottesen.

– Dersom du fortel for eksempel venninna di om noko litt rart som skjedde i helga, så kan det hende at dei plukkar det opp og skriv det på sida, seier Ottesen.

Ylva Ottesen

SITERT: Ylva Ottesen, er allereie blitt overhøyrt og sitert på facebookgruppa.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Kven som administrerer gruppa er anonymt. Og den som styrer gruppa skriv ikkje namnet på personen, sitata er altså anonyme. Men Ottesen meiner det hender at ein kan kjenne att kven som har sagt kva. Ein gang vart det skrive noko ho sjølv hadde sagt på skulen.

– Eg synest det er ubehageleg. Det er jo litt sånn, viss du ikkje tenker på det, og seier noko, så hamnar du på sida. Viss ein til dømes seier ein hemmelegheit til noko som dei plukkar opp, så kan det bli publisert, seier Ottesen.

Venninna Dvergsdal derimot likar sida godt og er ein fast følgjer.

Julie Dvergsdal

MOROSAMT: Julie Dvergsdal, synest sitatet på facebookgruppa er morosame.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Eg synest den er morosam og brukar å følgje med på kva folk seier, fortel Dvergsdal.

Men ho har lite tillit til denne sida.

– Eg trur mykje av det er tull, som folk ikkje har sagt liksom. Det kan vera ting som dei som står bak har funne på.

Lærarsitat fyller sida

Jentene er einige i at lærarane seier mykje rart og det kjem på facebookgruppa.

– Det var ein lærar som sa til ein elev at du oppfører deg som eit foster, og det er slike eksempel Dvergsdal synest er morosamt.

Men kva lærarane seier til dagleg hadde dei fått med seg uansett, meiner dei. Forskjellen er berre at elevane får med seg endå meir no. Dei trur likevel ikkje at det har noko å seie for lærarane.

– Dei seier det seier, me trur ikkje det har så mykje konsekvensar for dei, seier jentene.

Rektor er lite begeistra

– Det er jo eit nytt fenomen, eg reagerte ganske kraftig i starten, seier rektor Grethe Øren ved Hafstad Vidaregåande skule.

Grethe Øren

SKEPTISK: Rektor Grethe Øren er svært skeptisk til facebookgruppa.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Ho synest det har vore vanskeleg å ta stilling til gruppa sidan starten.

– Så lenge det ikkje er vondt meint, og så lenge elevane ikkje følar seg uthengde og mobba, så er det greitt, seier Øren.

Det er ein miljøkoordinator som fylgjer med på sida. Men det er fleire ting rektor ikkje likar ved sida.

– Me kjenner ikkje administrator, og ei slik side kan brukast på ulike måtar, og det kan bli opplevd som ei mobbe-side, seier Øren.

Ho trur at administrator vel å vera hemmeleg for å sleppe å bli stilt til ansvar. Øren seier at dei fylgjer med og viss det viser seg at elevane synest dette er ubehageleg, så vil ho ta eit tak.

– Viss sida har uheldige verknadar så må me vurdere å be administrator om å stenge sida, seier Øren.

Mobbing kan oppstå

Julie Dvergsdal synest sida er morosam så lenge den ikkje kjem til skade på nokon, og det skal lite til før det blir på grensa til mobbing. Det er venninna Ylva Ottesen einig i.

Dersom folk følar seg overhøyrt og nedtrykt så blir jo det mobbing, for ein vil jo ikkje at heile skulen skal vite kva du seier til venninna di, seier jentene.

– Dessutan så har jo me begynt å tenkje meir på kva me seier eller ikkje, det er ikkje så kjekt.

Alt i alt så synest ikkje jentene at denne sida er nødvendig. Det er betre å vera på den sikre sida.

– Om de fekk velje å la sida stå, eller å legge den ned, kva ville de ha valt?

– Legge den ned!