Hopp til innhold

Legg skulda for det han meiner er ein politisk E39-parodi på politikarane i nabofylket

Det er arbeiderpartipolitikarar i Møre og Romsdal si intense lobbyverksemd som gjer at det tek så lang tid å få fatta eit vedtak i saka om kvar E39 skal krysse Nordfjorden. Det meiner venstreordførar i Eid, Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

KALLAR DET EIN PARODI: Alfred Bjørlo (V) meiner at heile E39-saka har blitt ein parodi.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han fryktar at det tilsutt vert politikarane i nabofylket som bestemmer kor vegen skal gå gjennom Sogn og Fjordane.

– Heile saka er ein parodi og det er utruleg at den ikkje er løyst, seier Bjørlo til NRK.

– Sprenger Nordfjord

Regjeringa sitt vedtak om kor brua over nordfjorden skal byggjast har lete vente på seg i lang tid fordi Senterpartiet og Arbeiderpartiet ikkje vert enige.

I går vart det kjent at Senterpartiet skal ha lova 400 millionar kroner til opprusting av Olden-Innvik over statsbudsjettet mot at brua over nordfjorden vert bygd mellom Anda og Lote. Men Arbeidarpariet skal ha avvist forslaget.

– Heilt utruleg at ein let denne saka halde fram og sprenge Nordfjord og Sogn og Fjordane framfor å finne ei samlande løysing, meiner Eid-ordføraren.

– Reinaste vås

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har med knapt fleirtal stemt for at brukryssinga bør skje i det som er kalla midtre trasèe.

I Møre og Romsdal gjekk fylkestinget einstemming inn for at E 39 bør gå lenger inn i fjorden og gjennom Stryn kommune.

No meiner Bjørlo at fylkesordførar i Møre og Romsdal og arbeiderpartipolitikar Jon Aasen er i ferd med å bestemme kor vegane skal gå i Sogn og Fjordane.

– Det er jo det reinaste vås, er Aasen sin kommentar til Bjørlo sine påstandar.

Jon Aasen og Liv Signe Navarsete

USAMDE: Jon Aasen (t.v.) meiner at påstandane om lobbyverksemd frå Møre og Romsdal er reint vås. Liv Signe Navarsete meiner at dei er ivrige lobbyistar for indre løysing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Navarsete er overraska

Men før helga sa også kommunal- opg regionalminister Liv Signe Navarsete at ho var overraska over kor ivrige folk frå Møre og Romsdal var i lobbyeringa for kvar E39 bør gå i Sogn og Fjordane.

– Så langt har eg forstått det sånn at dei vil leggje E39 i ein stor boge ut mot kysten i Møre og Romsdal, det går jo ikkje heilt i hop med den intense lobbyen som har vore frå Møre og Romsdal på at ein skal ha ein rett og kortast mogleg trasé gjennom vårt fylke, seier Navarsete.

Avviser lobbyverksemd

Dette får fylkesordføraren i Møre og Romsdal til å reise bust.

– Eg har aldri snakka med Navarsete om vegtrasé i Møre og Romsdal, seier Aasen.

– Men er det ingen som du kjenner til i Møre og Romsdal som lobbyerar for bru i Indre når dei no skal bestemme seg?

– Nei, det er det naturlegvis ikkje. Vi har fremja vårt syn, vi har lagt fram vårt vedtak og slik står saka, hevdar Aasen.