Hopp til innhold

Legg ned føde- og ortopeditilbodet

Føde- og ortopeditilbodet ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal vart i føremiddag bestemt nedlagt.

Styremøte i Helse Vest

BANKA GJENNOM: Oddvar Nilsen, Herlof Nilsen og Gunnar Berge.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dermed støttar styret i Helse Vest framlegget frå administrasjonen i Helse Vest og vedtaket i styret i Helse Førde.

Helse Vest går inn for å oppretthalde 15 senger både i Lærdal og Eid.

Dei fødande i Nordfjord skal dessutan til Volda i staden for til Førde.

Video Nedlegging av fødetilbodet i Eid og Lærdal

SJÅ: Reaksjonane på nedlegging av fødetilbodet let ikkje vente på seg.

LES OGSÅ:

Både ved Nordfjord sjukehus og ved Lærdal sjukehus vil det vere framleis trong for 15 sjukepleiarar og fire overlegar på andre avdelingar. Desse skal vere spesialistar ved sjukehusa.

Lovar å kjempe vidare

I november kom administrasjonen i Helse Vest med sitt framlegg til sjukehusstruktur i Helse Førde. Her la administrasjonen opp til å leggje ned fødetilbodet både i Eid og i Lærdal.

Det er denne planen styret onsdag banka gjennom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Styremøte i Helse Vest

VILLE HA GARANTI: Tilsetterepresentantane Aslaug Haga og Lise Karin Strømme var dei einaste som stemte for eit ekstra sjette punkt om tilsettgaranti.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lovar å kjempe vidare

No reagerer Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus:

- Eg vil minne om at Helse Vest gjorde det same vedtaket i 2003, og då vart det så mykje press at helseminister Dagfinn Høybråten til slutt ombestemte seg, seier ho.

- Du meiner det framleis er eit håp?

- Det er ikkje berre eit håp. Vi skal kjempe vidare for å oppretthalde sjukehusa, og kan rett og slett ikkje godta dette. Eg trur dette er ei skikkeleg mobilisering til demonstrasjonen i Oslo på måndag, seier Øien Hauge.

- Gir betre kvalitet på helsetenestene

Totalt tilsvarer Helse Vest-vedtaket at dei opprettheld 80 prosent av dagens tilbod ved sjukehusa i Eid og Lærdal.

- Slik eg oppfattar det, får spesialisthelsetenestene no god kvalitet i Sogn og Fjordane - og innanfor ei økonomisk ramme som gir moglegheiter for Helse å planleggje investeringar over tid, seier styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest.

Han legg til:

- Over tid vil dette skape betre kvalitet og betre helsetenester i Helse Førde.

Det er no opp til helseministeren å godkjenne framtidas sjukehusstruktur i Helse Førde.