NRK Meny
Normal

E39 ved Rå i Lavik opna att i natt

Eit vogntog sperra E39 ved Rå i Lavik i fleire timar etter ei trafikkulukke i går kveld. Vegen vart opna att like før klokka to i natt.

lastebil e39 Lavik

VIL TA TID: Det vil ta tid å få fjerna lastebilen som sperrar E39 ved Rå i Lavik.

Foto: Arthur Bauge

Vogntoget stod på tvers over vegen på E39 ved Rå i Lavik etter ei trafikkulukke torsdag ettermiddag rundt klokka 18.30. Like før klokka to i natt vart vegen opna att, opplyser Statens Vegvesen. Det var manuell dirrigering på staden frå klokka 22.45 i går. Det var to personar i lastebilen, og dei verkar lettare skadde eller uskadde, opplyser politiet.

Arthur Bauge bur like ved ulukkesstaden. Han såg ikkje ulukka, men kom til kort tid etter.

Arthur Bauge

BUR LIKE VED: Arthur Bauge bur like ved ulukkesstaden ved Rå.

Foto: Privat

– Det ser ut som han har kome utfor vegen på høgre side. Så har han fare over vegen og gjennom rekkverket på den andre sida. No står han tvers over vegen, seier han.

Vegtrafikksentralen melde på Twitter at det ville ta tid før vegen kunne opne igjen. Omkøyring for personbilar vart via Fv. 63 gjennom Lavikdalen. For større køyretøy vart det omkøyring via Lærdal.

– Det ser ut som fleire har begynt å snu for å køyre omkøyringsvegen. Køen veks ikkje no lenger, men det står nokre lastebilar her, seier Bauge.

Politiet opplyste at vegen ville vere stengd i fleire timar.

– Det kjem til å vere stengt ei god stund, fleire timar. Det er to bergingsbilar på veg. Det vil ta noko tid før dei er framme på staden, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt klokka 20.

Klokka 22.50 melde Vegtrafikksentralen at det var manuell dirigering på ulukkesstaden medan dei held på med berging av vogntoget.

Politiet har foreløpig ingen detaljar om kva som har skjedd i ulukka.

Vegopning på Bergum i Førde kommune