La bak seg 3000 høgdemeter og sju fjelltoppar på tre timar - no må arrangøren kle av seg

Lars Erik Skjervheim (35) klarte det arrangøren trudde var nærast umogleg. Etter at han kom i mål på under tre timar må arrangøren av «Stryn Rando 3000» kaste kleda.

Lars Eirik Skjervheim ute i løypa under Stryn Rando 3000

FØRSTEMANN: Lars Erik Skjervheim (35) frå Voss kan ikkje berre juble over å vinne løpet, men også for å ha vunne eit spesielt veddemål. Her er han ute i den 26 kilometer lange løypa.

Foto: Johan Olai Svidal
Anna Gytri
Journalist
Solveig Svarstad

– Målet mitt var å komme under tre timar. Både fordi det er ei magisk grense, men også fordi nokon var litt frampå med eit veddemål, flirer vossingen med klar adresse til rennleiaren.

Den veltrente karen som til vanleg jobbar som brannmann har karra seg gjennom ei svært utfordrande løype i fjella rundt Stryn vinterskisenter. 3000 høgdemeter, 26 kilometer og sju fjelltoppar er definitivt ikkje for pyser.

Løparane i konkurranseklassen starta på nær 350 meter over havet og var innom Gryta (1032 moh.), Kyrkjenibba (1400 moh.), Botneskrednibba (1280 moh.), Natakupa (1400 moh.), Hestefjellsnibba (1303 moh.), Karifjellet (1320 moh.) og Gulkoppen (1306 moh.) før dei fekk gå i mål.

– Skikkeleg tøft

Skjervheim er NM-meister i randonee tre år på rad, og var ikkje i tvil om at han måtte ta turen til Stryn.

– Arrangørane hevda dette var det tøffaste løpet i Norge, då måtte eg sjekke om det stemte.

Og det stod til forventningane. Med blå himmel og strålande sol la vêrgudane alt til rette for eit tøft løp.

– Det er eit langt løp. Då må ein disponere kreftene og gå i kjellaren opptil fleire gonger. Det som gjer det skikkeleg tøft er at det er så flott. Du har fantastisk utsikt og flotte fjell. Du får energi av å gå her, sjølv om du brukar litt også, flirer han.

Gå til forsiden

Sjå dei flotte bileta frå Stryn Rando 3000

Frå starten i konkurransenklassen i Stryn Rando 3000

Sjå dei flotte bileta frå Stryn Rando 3000

20 bilder

    Småfrekt veddemål

    Kåre Tonning

    MÅ KASTE KLEDA: Rennleiar og dagleg leiar Kåre Tonning er tur for ein tur i skogen litt utanom det vanlege etter ein kjempeprestasjon under Stryn Rando 3000 laurdag ettermiddag.

    Foto: Solveig Svarstad / NRK

    Det er Svedje og Fjell, Stryn Turn og Idrettslag og Stryn vinterski som arrangerer «Stryn Rando 3000». Etter målgang er Kåre Tonning, rennleiar og dagleg leiar ved Stryn skisenter svært godt fornøgd.

    – Det har gått smertefritt. Veldig kjekt, gliser han.

    Og gliser gjer han også av ein litt anna grunn. I går var han nemleg stor i kjeften. Diskusjonen med Skjervheim om bestetid enda i eit veddemål.

    Vi låg på rundt fire timar og synest det var fort. Han sa han kunne greie det på tre, tre og ein halv. Eg sa at om han greidde det på tre timar eller under, så skal eg gå naken resten av året.

    Klar for ein tur i skogen

    Og Skjervheim fekk dermed ekstra motivasjon.

    – Eg måtte bite tenna skikkeleg hardt saman mot slutten, vedgår han etter målgang til tida 2.56:59.

    Ein lattermild rennleiaren innser dermed at han har tapt veddemålet.

    – Han kom søren meg inn på 2.57. Men heldigvis er det eit stykke borti skogen her som heiter År. Så eg får gå der. Eg trur eg gjer det sånn, ler Tonning.

    Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
    Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
    Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.